Hopp til innhold

Tunnelane er farlege - no startar planlegginga av ein ny tunnel

Forkjemparane gler seg over at Strynefjellstunnelen har rykka fram i køen av store vegprosjekt i landet. Ambisjonen er byggjestart i 2029.

To vogntog møtes i tunnel på Strynefjellet.

Trangt. Det er kritisk for lastebilane når dei møter kvarandre inne i ein av Strynefjellstunnelane.

Foto: Trond Vestre / NRK

– No er eg veldig positiv. Når du har så mange kommunar og fylke som går for eit felles prosjekt så må jo dette skje. Dette er ein gledeleg dag.

Rolf Olav Tenden har opplevd både oppturar og nedturar, men har aldri mista trua. Tenden som er ein av veteranane innanfor lastebilbransjen, har kjempa for ein ny Strynefjellstunnel i mange år.

Kampen om pengane er beinhard. Men no har RV15 Strynefjellet kome i ein god posisjon i Nasjonal transportplan. Det har fleirtalet på Stortinget sørga for. For Tenden handlar det om å aldri gi opp.

– Dette viser at du må jobbe. Du må presse på heile tida. Og dette er eit prosjekt som dette området verkeleg treng.

Rolf Olav Tenden

Rolf Olav Tenden har tru på at den nye Strynefjellstunnelen blir bygd.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stort og krevjande

No startar Statens vegvesen arbeidet med å planlegge den nye Strynefjellstunnelen. Dette blei lagd fram under eit møte i Loen i Stryn tysdag.

Ambisjonen er byggjestart i 2029, og at vegen skal stå ferdig i 2036.

Den nye tunnelen skal erstatte dagens tunnelar frå 1978 som er lave og smale, og som skaper farlege situasjonar når to vogntog møter kvarandre. I tillegg er det planlagd ein sidearm som skal gi Geiranger heilårsveg austover.

Ventetida er lang, synest dei som ventar på ny tunnel. Men det er mange brikker som skal på plass, seier Ove Nesje i Statens vegvesen.

– Det er eit stort og krevjande prosjekt. Tre fylke, tre kommunar og tre statsforvaltarar er involvert. Det skal vere arm til Geiranger. Naturmangfald og villrein er svært viktig. Så det er mange omsyn å ta.

Tre menn i samtale. Han i midten bruker armene til å understreke det han sier.

Hotelldirektør Sindre Mjelva diskuterer Strynefjellstunnelen med Ove Nesje i Statens vegvesen og Svein Sunde i Gode vegar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Arma til Geiranger

Ei av utfordringane er den nye vegen til Geiranger. Vegen mellom Stryn og Grotli er ein statleg veg. Vegen til Geiranger er ein fylkesveg.

Ein ny Strynefjellstunnel vil koste mellom 7 og 9 milliardar kroner ifølgje Statens vegvesen. Men reknestykket for vegen til Geiranger er meir usikkert. Og Møre og Romsdal fylkeskommune manglar pengar.

Svaret frå pådrivarane er at Staten må inn med pengane. Direktøren ved Union Hotell i Geiranger, Sindre Mjelva, meiner ein må sette dette inn i ein større samanheng.

– Vi snakkar trass alt om indrefileten i reiselivet som skal bli kopla på. Og dette er ikkje berre ein veg som skal tene næringslivet. Det er ein veg som også skal sikre beredskapen.

Det er faren for store fjellskred som truar turistbygda. Kjem det eit storras frå Åkerneset vil det treffe Geiranger med øydeleggjande kraft. Både bygda og vegane i området blir rasert.

Sindre Mjelva meiner omsynet til beredskapen bør vege tungt.

– Vi har jo sett at på andre plassar så har beredskapen vore veldig viktig. Med den problemstillinga vi har kring Åkerneset så blir det særs viktig å kunne bruke ein heilårsveg austover svært viktig

Vinjevollen i Geiranger Hotell Union

Geiranger er eitt av dei mest kjende turistmåla i landet. Vegen austover er stengd om vinteren.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seier nei til å dele opp prosjektet

Ei løysing kunne vere å byggje den statlege vegen mellom Stryn og Grotli først, og seinare finne ei løysing for vegen til Geiranger.

Det er heilt uaktuelt, seier Svein Sunde i Gode Vegar. Han vil ikkje dele opp prosjektet.

– Vi kan ikkje først byggje RV15 og deretter byggje veg til Geiranger med anleggsarbeid på RV15 inne i tunnelen. Det ville vere «hol i haudet». Vi må byggje dette som eitt prosjekt.