Hopp til innhold

Trollstigen opna i dag - parkering ei utfordring

Trollstigen opnar i dag, men parkeringsforholda på Trollstigen-platået er framleis ikkje løyste fleire år etter opprustinga av området.

Trollstigen opna

– No kan sommaren komme, seier reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke. Klokka 10 blei Trollstigen opna for sesongen.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

På travle dagar i høgsesongen kan det vere fleire tusen køyretøy over Trollstigen og mange kan ikkje stoppe på grunn av mangel på parkering. Viss ikkje blir det fort kaotiske forhold på parkeringsplassane og langs vegen.

Men reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Romsdal Reiseliv og Handel, let ikkje det gå ut over humøret.

Trollstigen parkering

Mangel på parkeringsplassar i Trollstigen har vore eit problem dei siste åra, og er førebels ikkje løyste.

Foto: Edmund Meyer

– No kan sommaren komme

– Det er ein gledens dag i Rauma, no kan sommaren komme. Trollstigen er klar til å ta imot alle dei hundretusenvis av gjestane som kjem.

Men ho er fullt klar over utfordringa med for lite parkeringsplassar.

– Det inneber at dei som kjem på dei mest travle dagane ikkje kan stoppe. Og viss for mange likevel stoppar, så skaper det problem for andre.

Reiselivsnæringa har i fleire år peikt på dette problemet. Opprustinga med nye bygg, utkikkspunkt og parkering var fullført i 2012, men det viste seg fort at dimensjoneringa for parkering var for dårleg.

Tvilar på full dekning

– Det har vore gjort store inngrep allereie i Trollstigen, og dei fleste dagane går det greit. Men på store cruicedagar med busslaster frå både Ålesund, Molde og Åndalsnes så er kapasiteten fullstendig sprengt.

Når eit av landets fremste turistattraksjonar får besøk er ønskjet sjølvsagt at det er nok parkeringsplassar. Gråberg Bakke trur likevel at det kan bli vanskeleg å få full dekning.

– Vi håpar å få utbetra areal som ligg ganske nærme til, og som ikkje inneber så stort inngrep i naturen, seier reiselivssjefen.

Ønskjer meir besøk ettermiddag og kveld

Hilde Gråberg Bakke

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke seier jatakk til både fleire besøkande og til fleire parkeringsplassar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ho tar til orde for at reiseliv, kommune, fylkeskommune, vegvegsen og Nasjonale turistvegar saman må finne ei betre parkeringsløysing.

Det burde vere ei felles interesse, for reiselivssjefen kan vise til godt over ein halv million besøkande i løpet av sesongen, og eit par tusen køyretøy i døgnet over Trollstigen. Og parkeringsproblema betyr ikkje at å avgrense trafikken er aktuell politikk.

– Vi ønskjer fleire på besøk, men spreidt litt meir ut over dagen. Reiselivet i Rauma har foreslått å lyssette Stigfossen, og tenk for ein attraksjon det kan bli når det byrjar å skyme ut i juli! Den magien kan gjere at færre kjem på dagtid og fleire ut på ettermiddagen og kvelden.