Hopp til innhold

Øvrelid-søskena ankar til Høgsterett

Alle dei fem Øvrelid-søskena ankar delar av saka mot Hareid og Ulstein kommune til høgsterett. Søskena vart i mange år av barndomen sin mishandla av far sin. Dei meiner kommunane dei budde i burde ha gripe meir inn i situasjonen, og i 2018 gjekk dei til sak for å få erstatning.

Saka gjekk i Frostating lagmannsrett før jul 2022, og våren 2023 kom dommen:

Dei to yngste søskena fekk erstatning, medan dei tre eldste ikkje fekk noko.

Dei tre som ikkje fekk erstatning anka nett dette, heiter det i anka sendt til Høgsterett 18. april.

I tillegg anka alle søskena det at lagmannsretten ikkje meinte kommunane hadde brote Den europeiske menneskerettskonvensjonen, då retten meinte at det kommunane hadde gjort var feil, men at terskelen for eit slikt brott låg høgare.

– Det at staten ikkje sørga for at barna levde i eit liv utan vald er eit ansvar dei har for å sikre at menneskerettskonvensjonane vert følgde. Når det ikkje er gjort, meiner vi at alle fem skulle vore tilkjent erstatning, seier advokat Mette Yvonne Larsen til NRK.

Margareth Øvrelid vert rørt under Øvrelid-saka sin siste dag i lagmannsretten. Ho sit ved sidan av bror sin Egil med papir og mikrofonar framfor seg. Ho har på seg ei raud skjorte og har blondt, kort og krølla hår. Ho gøymer andletet i eine handa, og det kan sjå ut til at ho gret. I bakgrunnen ser vi systera Linda Vikene Strand reagere likt.

Tre av søskena får ikkje erstatning etter tiår med mishandling

Etter mange rundar i retten er det bestemt: to av dei fem søskena får erstatning for at kommunen ikkje greip nok inn då dei vart mishandla som barn på 60-, 70- og 80-talet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru