Hopp til innhold

Norske industribedrifter gjer seg klare til å bli med på fregatt-leveransen

Avtalen om kjøp av fregattar frå Storbritannia kan ha store ringeverknader for verftsindustrien i Noreg.

en mann i dress som står foran en gruppe mennesker

Ronny Opsjøn Langset er leiar for Kongsberg-gruppas satsing på standardiserte fartøy. Han var fram til nyleg verftsdirektør på Vard Langsten i Vestnes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Søndag blei det klart at Noreg vil kjøpe fregattar frå Storbritannia til 125 milliardar. Det blir den største enkeltinvesteringa til Forsvaret i nyare tid.

Ronny Opsjøn Langset, som er leiar for Kongsberg-gruppas satsing på standardiserte fartøy, seier det er bra at regjeringa no har tatt ei avgjerd på kven som skal levere dei nye fregattane.

– Det blir nye moglegheiter no, det er eg helt sikker på. No skjer det noko! Og så begynner vi å brette opp ermene og lande gode avtalar.

Det strategiske partnarskapet med Storbritannia opnar for eit omfattande industrisamarbeid med norske verksemder, meiner regjeringa. Samarbeidet skal svare til verdien på kontrakten.

– Norsk industri kjem til å spele ei viktig rolle særleg i vedlikehaldet av fartøya. Vi har også identifisert ei rekke moglege industrielle og teknologiske samarbeidsområde, kor norske verksemder kan konkurrere om kontraktar, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Vard Langsten

Avtalen med Storbritannia vil kunne gi store moglegheiter for norske verft og industriverksemder.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg blei heilt skjelven

Kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberg Gruppen trekker særleg fram dei såkalla standardiserte fartøy, som vil gje store moglegheiter Det er mindre fartøy som i hovudsak skal gå nærare kysten.

– Noreg har no sagt at som ein del av maritime løftet i langtidsplanen at Noreg treng inntil 28 standardfartøy. Det skal bli bygd i Noreg, og kjem til å gi stor aktivitet og eksportmoglegheiter, seier Lie.

I Harstad i Troms har Hamek ein avtale verdt over 100 millionar med BAE, det britiske selskapet som bygger fregattane.

– Det er heilt fantastisk. Eg fekk nyheita då eg var i soppmarka, og då ropte eg og gråt av glede. Det er ein milepæl for industrisamarbeid Nord-Norge, som har hatt lite og ingenting av gjenkjøpsavtalar, seier Kari-Anne Opsal, partisekretær i Ap og tidlegare Harstad-ordførar.

en mann og en kvinne som står på en gate

Kari-Anne Opsal er partisekretær i Arbeidarpartiet og var tidlegare Harstad-ordførar.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

I avtalen med BAE skal britane vere med å betale for ein ny, større dokkhall for Hamek. Han trur dette vil gjere dei mykje meir attraktive i den sivile marknaden.

– Eg blei veldig glad og heilt skjelven. Britane vil bidra med mest sannsynleg eit tresifra millionbeløp inn i den store investeringa, seier Jan Oddvar Olsen, administrerande direktør i Hamek.

Vil gi jobb i lang tid

Umoe Mandal skal levere antennemaster til fartøya, noko som gir rundt 50 arbeidsplassar

– Dette blir veldig stort og viktig for oss. Dette er svært gledeleg for Umoe Mandal og for Lindesnes kommune. Eigentleg for heile Agder, seier Tom Fidjeland, administrerande direktør i Umoe Mandal.

en mann som holder en presentasjon

Tom Fidjeland, administrerande direktør i Umoe Mandal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I tillegg inneber ein gjenkjøpsavtale at britane kjøper norske kommandobåtar – ein avtale som vil gi omtrent 200 arbeidsplassar for mandalsverksemda. Det vil bety mykje for dei i lang tid.

– Dette er med på å gi oss jobb langt ut på 30-talet. Det eine er jo for så vidt at vi skal levere disse antennemaster og ein del andre ting til fregattane. Men like viktig er jo at vi har ein avtale om eit samarbeid med BAE Systems, dei som bygger fregattane, om å utvikle nokre båtar saman. Desse også kan bli veldig stort og viktig for oss.

Skuffa over avgjerda

Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Vard på Nordvestlandet er skuffa over at dei ikkje valde den amerikanske leverandøren, som dei samarbeider med.

– Det er veldig synd, og synd at regjeringa ikkje brukar denne moglegheita til å sikre verdiskaping og bygging i Noreg, seier Marti.

en dame med armene i kors

Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Vard.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ho respekterer likevel at det er ei politisk og vanskeleg avgjerd.

– No snur vi oss berre rundt, og satsar vidare på standardfartøy der vi meiner vi har hatt attraktivt tilbod. Og dersom dei vel å bruke den norske industrien til å gjere vedlikehald på den engelske fregatten, så er det ein moglegheit for oss sjølvsagt, seier Marti.

Håper på vedlikehaldskontrakt

Lenger sør på Vestlandet vonar verftet CCB på Ågotnes i Øygarden å lande avtalar om vedlikehald av både nye fregattar og allierte fartøy.

Frå før har CCB avtale om å vedlikehalde fregattar Noreg allereie har.

– Det er veldig bra at valet av leverandør er tatt. Dette vil kunne omfatte veldig mange av selskapa i den maritime industrien på Vestlandet, seier konsernsjef Jan-Dagfinn Lund.

Jan-Dagfinn Lund

Jan-Dagfinn Lund er konsernsjef i CCB på Ågotnes i Øygarden i Vestland.

Foto: Oddgeir Øystere / NRK