Bølgjene går alt no langt inn over land mange stader. Storm kombinert med svært høg flo, fører til at mange fryktar følgjene av veret i dag.
Aslak og Aileen Solbjør doblar fortøyningane på båten sin.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Floa er ein halv meter høgare enn normalt, seier Aslak Solbjør.
Han og kona Aileen bur i ein husbod året rundt. Med stor stormflo og varsel om kraftig uvêr, må dei vere sikker på at fortøyningane held heimen deira på plass.
– Vi har dobla opp alle fortøyningane. Vi har også sett på godt med fendrar, slik at vi ikkje skal få noko skade når floa er så høg, seier Solbjør.
- Sjekk vermeldinga her
Redd at andre båtar skal drive
Dei to føler seg rimeleg trygge på at dei har gjort alt dei må for å stå imot dei verste stormkasta. Men dei er også prisgitt at andre tek situasjonen like alvorleg som dei sjølve.
– Det vi er mest redde for er at andre båtar skal slite seg og kome borti oss og skade båten vår. Men det er sånt vi må rekne med, og det kan bli lite søvn når vi skal passe på frå i kveld, seier Aileen Solbjør.
Denne reportasjen er laga i timane før stormen skal slå til.
Høg flo
Den høge floa som har bygt seg opp, gjorde det i formiddag vanskeleg å kome ut på mange småbåtbrygger. Fleire stader sto vatnet mykje høgare enn bryggefestet, og det var umogleg å kome ut til båtane.
Floa var så stor at det var umogleg for Oddvin Giskeødegård å kome ut til båten sin i formiddag.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Eg kan vel ikkje spandere skoa mine på å gå ut dit. Skoa er vel dyrare enn båten, humrar Oddvar Giskegjerde. Her skulle eg vel helst ha hatt froskemannsdrakt. Men om ein time eller to er det så pass fjøre sjø igjen at det er mogleg å kome ut til båtane, seier han.
– Folk må passe på
I slikt ver som er meldt seinare i dag, må båteigarane sjekke båtane sine og passe på at dei ligg trygt i stormen.
– Dei må passe på at fortøyningane er heile og at tampane er skikkeleg fast i land. ut over dette er det vel ikkje så mykje meir dei må tenkje på, seier Oddvar Giskegjerde.