Klokka 13 viste målingane til Meteorologisk institutt i Bergen full storm ved Stad. Men det kan mykje bli verre.
– Vinden vil truleg gå opp i sterk storm i løpet av dagen, seier statsmeteorolog Arnstein Tjøstheim.
- LES OGSÅ:
Slik er stoda:
Heile Vestlandet er prega av uvêret som har kome inn frå Nordsjøen i dag. Verst er det i Sogn og Fjordane, ifølgje statsmeteorologen.
– I Møre og Romsdal og Trøndelag er det ikkje så mykje vind akkurat no, men det kem nok utover kvelden. Det ser ut som det vil bli liten eller full storm i desse fylkene. Men det er ikkje før til kvelden, seier Tjøstheim.
Tidlegare i dag har det vore full storm heilt sør på Vestlandet. Det er venta at vinden vil avta i Rogaland. Ifølgje Tjøstheim har Rogaland hatt toppen i dag.
Kan gjere skade på materiell
Stormen ved Stad vil minke i løpet av kvelden. Tjøstheim seier det vil bli frisk bris til natta.
– Men i morgon aukar vinden frå vest. Laurdag kjem det til å bli mest vind i Rogaland og heilt sør i Hordaland. Der vil det bli liten til full storm, seier Tjøstheim.
Han fortel at vinden mange stader er så kraftig at det kan gjere skade på materiell.
– Det er mykje som kan bli øydelagt i sterk vind. Men det er ikkje uvanleg med så sterk vind på Vestlandet. Dei fleste har nok opplevd dette før, seier han.
Vinden vil ikkje vere farleg for folk, men ved storm kan gjenstandar fly rundt, opplyser Tjøstheim.
Dårlege køyreforhold
Ifølgje Meteorologisk institutt er det også mykje vind i fjellet.
– Det er bygevêr og dårlege køyreforhold i heile Sør-Norge, og det blir det nok også i helga, seier Tjøstheim.
– Dei som er på fjellet bør halde seg i ro. Eg ville i alle fall ikkje ha køyrd visst eg var på fjellet.