Hopp til innhold

Frå eitt tonn til fem fisk

I fjor blei berre fem laks fiska opp av elva Bævra i Surnadal, mot eitt tonn årleg på det beste. Drivarane av campingplassen ved elva fortvilar over det dei meiner er kritikkverdig drift av kraftstasjonen i vassdraget.

Laks

Svært få laks blei fiska opp av elva Bævra i Surnadal i fjor, noko som får laksefiskarar og lokale verksemder knytt til vassdraget til å fortvile.

Foto: Gorm Kallestad / NRK

I 1972 blei det fiska eitt tonn laks i Bævra, eit tal som blir rein utopi med tanke på dagens tilstand i elva. Ved kraftstasjonen til Svorka Energi lokalisert eit stykke opp i elva har ein ved fleire høve dei siste åra opplevd stans i drifta, ofte over lengre tid.

– Det har nesten vore heile somrar utan vatn i elva. Då blir det heller ikkje noko laks å fiske, fordi den døyr ut, seier Karl Sæther ved Småøyan Camping til NRK.

– Forferdeleg

Småøyan Camping har i mange tiår vore eit tilbod for laksefiskarar og turistar, der det ligg idyllisk til ved munninga til elva Bævra i Surnadal. Ekteparet Åse Margrethe og Karl Sæther har drive campingverksemda dei siste 15 åra. Dei er lut lei av lite vatn i elva og laks som døyr ut.

– Det er heilt forferdeleg det som skjer i Bævra. Spesielt i fjor var det ein frykteleg stor nedtur for alle som tidlegare har hatt stor glede av laksefisket, då berre fem fisk blei fanga i løpet av heile sesongen, seier dagleg leiar ved Småøyan Camping, Åse Margrethe Sæther, og legg til:

Karl Sæther

Karl Sæther fanga fleire laks i Bævra for to år sidan. I fjor blei det totalt fanga fem fisk i vassdraget.

Foto: Privat

– Vi opplev å få kjeft frå fiskarar fordi det ikkje er fisk i elva. Det er ikkje kjekt i det heile tatt å få skulda for noko ein sjølv ikkje er ansvarleg for.

Ektemannen Karl Sæther har sjølv vore med på å setje ut lakseyngel i elva, opp i mot 100.000 individ om gongen, men på grunn av gjentekne tilfelle av nesten null vatn døyr fisken kort tid etter.

– Godt med laks i elva var noko av sjølve grunnlaget til at ein etablerte campingverksemd her. Når det no snart ikkje er fisk att, så får vi ikkje selt fiskekort, og det kjem færre hit for å fiske. Berre sidan 2011 har salet av fiskekort blitt halvert, ein inntektspost som for nokre år sidan var fleire gonger så stor, seier Sæther.

Klaga inn til NVE

Under eit folkemøte i Surnadal om laksefisket i Bævra i går, kom det på nytt fram at forholda for laksefiske i elva er svært dårlege.

Surnadal kommune krev no revisjon av konsesjonsvilkåra til Svorka kraftverk, og stiller krav om vilkårsrevisjon til Norges vassdrags- og energidirektorat. Her håpar dei å få klårleik i korleis kraftstasjonen i elva eigentleg skal drivast.

Ein som var med på folkemøtet i går kveld, og som har tru på kommunen sin protest mot det som skjer i Bævra, er laksefiskar og kanskje lakseelva sin største forkjempar, Stein Væge.

Han reagerer sterkt på dei dårlege forholda for laksefiske i Bævra. Til NRK fortel han at det I 2011 var 197 stansar ved kraftstasjonen driven av Svorka Energi, noko som igjen gjer at elva blir tom for vatn og at fisken døyr.

Bævra

Slik såg det ut når vasstanden var låg ein dag denne vinteren. Lite vatn i elva gjer at laksen døyr ut.

Foto: Karl Sæther

– Klart ein blir fortvila. Det burde vere eit krav om minstevassføring frå Svorka-anlegget og nedover. Slik det er i dag finnast det omtrent ikkje fisk nedanfor kraftstasjonen, og det er svært tragisk, seier Stein Væge.

– Ikkje tilpassa dagens miljøstandard

Svein Ove Slindre er regiondirektør i Statkraft Energi Midt-Norge, selskapet som driftar kraftstasjonen til Svorka Energi i Bævra. Han vedkjenner at ein må sjå nærare på måten ein køyrer ut vatn i vassdraget.

– Vi prøvar å tilpasse køyringa av vatn i elva til det beste for miljøet. Likevel ser vi nok at måten det vert gjort på kanskje ikkje er tilpassa dagens miljøstandard. Vi må likevel halde oss til dei vilkår for drift som eksisterer i dag, og eg meiner vi ikkje gjer noko utanom det vanlege i Bævra, seier Svein Ove Slindre.

Regiondirektøren fortel at det botnar ned til spørsmålet om ein har vatn til å drive kraftverket eller ikkje, og at ein difor med jamne mellomrom ser seg nøydde til å stoppe drifta. I 2011 var det som tidlegare nemnt 197 stansar ved kraftstasjonen i Bævra, og flest i løpet av sommarhalvåret.

– Det er det same nesten kvar sommar. Det er tørre periodar der vi blir nøydde til å stenge ned kraftverket slik at magasina får fylle seg opp att. Sjølvsagt hadde vi ønskja å drive kraftverket gjennom heile sommaren, slik at det er ein jamn straum i elva, men det let seg rett og slett ikkje gjere, seier Slindre.