Hopp til innhold

Molid til Molde HK

Mari Kristine Søbstad Molid (28) har signert ein treårsavtale med Molde HK. Venstrebacken debuterte på landslaget i 2010, og har mellom anna EM-gull i 2010, VM-gull i 2011, VM-gull i 2015 og OL-bronse i 2016 på CV-en. Molid spelar no for Larvik. – Det har blitt ein spesiell situasjon i Larvik. Det blir bra for mi handballframtid å spele for Molde. Klubben vil opp og fram, og dei har ein god trenar, seier Molid til NRK. – Mari er ein av dei beste spelarane i Eliteserien, seier sportsleg leiar Carl Henrik Indbjør. Molid blir speleklar frå sommaren av.

Mari Kristine Søbstad Molid
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL