Hopp til innhold

Møbelindustrien treng redningspakke

Regjeringa må hjelpe møbelindustrien. Det krev Stortingsrepresentant May-Helen Molvær Grimstad.

Hjellegjerde

Hjellegjerde i Sykkylven er ei av bedriftene som har redusert bemanninga dei siste månadene.

Foto: Frode Berg / NRK

Tal frå Norsk Industri syner at etterspurnaden etter møblar er redusert med 20 prosent, og konsekvensen er permitteringar og oppseingar.

Finanskrisa

- Finanskrisa har slått til for fullt, og det er viktig å sjå kva ein kan gjere for dei ulike bransjane, seier Molvær Grimstad. Ho meiner regjeringa må hjelpe møbelindustrien så ikkje viktig kompetanse går tapt i nedgangstidene.

May-Helen Molvær Grimstad

May-Helen Molvær Grimstad.

Foto: NRK

- Møbelindustrien må gjerast i stand til å takle utfordringane i framtida og tenke nytt, seier ho. Dersom dei får tilført nye midlar står dei klar til å ta fatt på nye prosjekt, meiner Molvær Grimstad.

Bør satse

May- Helen Molvær Grimstad vonar at det kjem eit positivt svar frå regjeringa. Ho meiner at det er mogleg å få til store ting med små midlar. - Då gjeld det å lytte til den kompetansen som er i dei ulike fylka og dei ulike regionane.

Kompetanse

May-Helen Molvær Grimstad fryktar at viktig kompetanse kan gå tapt om det ikkje blir gjort noko. - Dersom mange bedrifter forsvinn vil dette ha ringverknader som er negative. Berre i Møre og Romsdal er det 9000 personar som er knytte til møbelindustrien.