Hopp til innhold

Gjekk frå 5 til 2 i karakter – Vil ha betre retteprogram

Dyslektikar Maya Aarseth fekk eit tungt første møte med eksamen: – Eg kjenner eg ikkje fekk vist fram det eg kan.

Maya Aarseth

VIL HA BETRE RETTEPROGRAM: Maya Aarseth er misfornøgd med resultatet på sin første eksamen. Ho har brukt mykje tid både på skulen og heime for å lære seg spansk.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Maya Aarseth er ferdig med sitt andre år på Volda vidaregåande skule. I vår hadde ho skriftleg eksamen i spansk.

Det vart ei stressande oppleving.

Eg bruker veldig lang tid når eg skriv, spesielt viss eg skal vere nøye. På eksamen måtte eg velje å skrive nok ord. Då rakk eg ikkje sjå over, fortel Aarseth.

Ho fekk diagnosen dysleksi i tiande klasse. På eksamen fekk ho lese opp oppgåvene høgt, og bruke éin time ekstra. I tillegg fekk ho bruke lese- og skriveverktøyet Lingdys.

– Problemet er at det fungerer ganske dårleg på spansk, fortel ho.

I standpunkt fekk Aarseth karakteren fem. På eksamen fekk ho to.

– Det var ganske tungt. Spansk er eit fag eg liker godt. Eg kjenner ikkje eg fekk vist fram det eg kan, seier Maya Aarseth.

Dysleksi

Aarseth fortel at det har vore vanskeleg å vite kva slags tilrettelegging ho har krav på som dyslektikar. Ho spør etter betre og meir tilgjengeleg informasjon.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Slit med spansk

Torbjørn Nordgård er leiar for språkteknologi i Lingit, firmaet som har utvikla Lingdys.

– Vi har nok ikkje komme like langt i utviklinga av spansk. Det kjem rett og slett av mangel på kompetanse, seier Nordgård.

For å utvikle eit like bra program treng dei nokon med djup innsikt i dysleksiproblematikk og språkvitskap. I tillegg må personen ha ein viss kunnskap om data.

– Vi er i ferd med å samle inn data til både spansk og tysk, forklarer han.

Han trur dei skal byrje å vidareutvikle produktet i løpet av skuleåret, og håpar dei snart kan tilby eit betre hjelpemiddel for desse to språka.

Torbjørn Nordgård Lingit.

Torbjørn Nordgård i Lingit forklarer at dyslektikarar ofte gjer andre skrivefeil enn ikkje-dyslektikarar. Programmet deira oppdagar og rettar typiske feil dyslektikarar gjer.

Foto: Steinar Tvervåg

Best på marknaden

Det er skulane som kjøper inn hjelpemiddel for elevane. Rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, fortel at kva hjelpemiddel dei kan tilby, avheng av kva som finst på marknaden.

– Vil kjøpar det vi blir rådd til. Så vidt eg veit, tilbyr vi det beste hjelpemiddelet på marknaden, seier han.

Talet på skriftlege og munnlege eksamenar blir bestemde nasjonalt.

Eg personleg skulle ønskje at elevar med dysleksi kunne velje munnleg eksamen i større grad, seier han.

Dysleksi Trond Hjelseth

Rektor Trond Hjelseth meiner det er utfordrande at verktøya ikkje fungerer like godt på alle framandspråk.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Tydeleg lov

Caroline Vigestad Solem er generalsekretær i Dysleksi Noreg. Ho understrekar at både likestillings- og diskrimineringslova og opplæringslova er tydeleg på at personar med dysleksi skal få tilrettelegging.

– Når verktøya ikkje finst, må styresmaktene komme på banen for å sørgje for at det blir rett teknologi utvikla, seier ho.

Caroline Solem

Caroline Vigestad Solem er generalsekretær i Dysleksi Noreg. Ho meiner det er elevane med dysleksi som taper på at utviklinga av skrivestøtteprogram ikkje har komme langt nok.

Foto: Dysleksi Norge

Skal lære spansk

Heime er Aarseth godt i gang med sommarferien. I august startar ho sitt siste år på vidaregåande. Ho er ferdig med undervisninga i spansk.

– Eg trur eg likevel vil halde fram med å lære meg språket. Sjølv om det gjekk så dårleg som det gjekk, seier ho.

Maya Aarseth

Aarseth vil gjerne studere i utlandet etter vidaregåande. Akkurat no vurderer ho studium i England.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen