Mannen frå Møre og Romsdal er sett i varetekt i ei veke, sikta for planlegging av ei terrorhandling.
Det var TV 2 som omtalte saka først.
– PST kan bekrefte at ein mann frå Midt-Norge er siktet for å ha brote straffelovens §133 om terrorforbund, dvs. at han er sikta for å ha inngått ein avtale med andre om gjennomføring av ei terrorhandling. Han vart arrestert i førre veke, det bekreftar påtaleansvarleg i PST, Kathrine Tonstad til NRK.
Sikta for hatefulle ytringar
Det straffbare forholdet skal ligge noko tilbake i tid. Han er også sikta for å ha kome med hatefulle ytringar.
Vidare vil ikkje PST kommentere kva for terrorhandlingar mannen skal ha inngått ein avtale om å gjennomføre.
Har ikkje ein kommentar
Forsvararen til mannen, Mari Vik-Slettevoll, seier ho ikkje har noko kommentar til saka.
Mannen fekk ei veke i varetekt av Møre og Romsdal tingrett. Han anka, men saka førte ikkje fram.
Retten har gitt eit forbod til media om å skrive det som står i fengslinga, utanom slutninga.