Hopp til innhold

Mange var einsame julaftan

Krisetelefonen til Kirkens SOS i Møre og Romsdal stod ikkje stille i julehelga.

Magne Kjell Bjørge, prest i Kirkens SOS i Ålesund
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Berre julenatta fekk avdelingane i Molde og Ålesund over 40 telefonar.

- Eit viktig tilbod

- Det er jo generelt stor pågang til Kirkens SOS, men på julaftan og natt til første 1. juledag hadde me meir pågang enn vanleg, fortel dagleg leiar Magne Kjell Bjørge.

Leiaren meiner at krisetelefonen er eit viktig tilbod.

- Me er glade for at dei som av ulike grunnar treng oss, brukar tilbodet. Me kan gjere ein skilnad for dei.

Vanskelege kjensler i jula

For nokon blir julehøgtida ei tid med mange følelsar som vert for vanskelege å bere åleine.

- Kirkens SOS er eit viktig sjølvmordsførebyggjande tiltak. No i jula hadde me telefonar frå personar som hadde det så vondt at dei vurderte å ta livet sitt. Det gjer inntrykk, seier Bjørge.