Hopp til innhold

Lanserer audioguide på Raumabanen

No kan reisande på Raumabanen får ein gratis audioguide som fortel om opplevingar på strekninga. Det skriv SJ Norge i ei pressemelding.

– Mange av dei reisande på våre tog er utanlandske turistar som skal besøke Romsdalsregionen, audioguiden er derfor å finne på heile fem språk: norsk, engelsk, tysk, spansk og fransk ,seier markeds – og servicesjef Ronny Reithe.