Laila Kaland er død

Tidlegare stortingsrepresentant Laila Kaland frå Sykkylven døydde søndag etter lengre tids sjukdom, nær 69 år gammal.

Laila Kaland

Laila Kaland

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Det er med sorg vi mottek dødsbodskapen. Det står respekt av det politiske arbeidet Laila Kaland i alle desse åra har lagt ned både for Møre og Romsdal og for Arbeidarpartiet, seier fylkesleiar John Ole Aspli.

Laila Kaland var fødd i Gloppen og sjukepleiar av yrke. Ho var fast stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1985 til 2001.

Mellom 1975 og 1983 sat ho i kommunestyret i Sykkylven, og ho var representant i fylkestinget frå 1979 til 1985. Ho har hatt ei rekkje andre offentlege verv.

Laila Kaland har vore fylkesleiar i Arbeidarpartiet og medlem av landsstyret i partiet.