- Eg har fått beskjed om at banksystema ikkje fungerer godt nok, seier statsministeren etter besøket hos Sparebanken Møre i Ålesund mandag ettermiddag.
Framleis ein jobb å gjere
-Jo tettare kontakt vi har med bedriftene over heile landet , dess lettare er det for regjeringa å sette inn hjelp når og der det er behov, seier statsministeren.
I dag er han på vitjng på sunnmøre for å diskutere finanskrisa med lokale bankar og næringsliv. Første stopp var Sparebanken Møre i Ålesund.
- Eg fekk eit klart bodskap om at det er svært viktig å få banksystemet til å fungere, og at det framleis ikkje fungerer godt nok, seier Stoltenberg.
- Pengemarknadsrenta har ikkje gått ned, og det er vanskeleg for bankane å få lån. Det er blodomløpet i økonomien, og når det stoppar opp, stoppar alt opp, seier han.
Statsministeren viser til den sterke posisjonen Møre og Romsdal har innanfor eksport. Han seier at det er viktig for regjeringa å ha tett kontakt med næringslivet for å vite korleis krisa påverkar dei ulike næringane, og korleis ein skal få banksystemet til å fungere att.
- Viktig møte
-Møtet med statsministeren er både hyggeleg og nyttig, seier sjefsøkonom Inge Furre ved Sparebanken Møre.- Det var viktig å fortelje statsministeren at vi er på veg inn i ein nedgangskonjunktur.
Furre trur at krisa vil ramme hardare enn mange er klar over. - Dette blir nok værre enn dei fleste hadde trudd berre for kort tid sidan, det er det ingen tvil om, seier han.
Statsministeren og nærings- og handelsminister Sylvia Brustad skal tirsdag ettermiddag besøke Rolls- Royce i Ulsteinvik og Odim i Hjørungavåg.