Hopp til innhold

Internasjonal protest mot havørndrap

Biolog frå Bern-konvensjonen går inn for å stenge vindturbinparken på Smøla. Utbygginga har ikkje teke omsyn til havørnbestanden og naturverdiane, skriv han i rapporten.

Vindmøller Smøla
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bern-konvensjonen skal behandle saka i november.

25 havørner drepne

Havørn drept av vindturbin

Havørn drept av vindturbin.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Tjuefem havørner er drepne i kollisjon med rotorblada på Smøla. Vindturbinane skaper kraft, medan ornitologar har brukt mykje energi på å få dei stoppa.
I sommar besøkte ein biolog utsendt frå Bern-konvensjonen anlegget. I rapporten skriv han at innvendingane om havørnbestanden har vore neglisjerte.
No hamnar Smøla-utbygginga på bordet hos Bern-konvensjonen i neste månad.

Smølavindmøller drep havørn

Britisk kritikk av Smøla-vindmøller

Stadfesting

Morten Ree er organisasjonskonsulent i Norsk Ornitologisk Forening.
Han syns rapporten er svært interessant, med forslag om både stenging, periodevis stenging og revurdering av planlagde vindkraftanlegg.

Sjå TV-programmet om vindmøllene som drep havørn

- Dette er ei stadfesting på det vi har sagt i mange år, seier Morten Ree. Noreg har skrive under ein avtale om å ta vare på viltfaunaen. Når dette kjem i konflikt med denne konvensjonen, så er dette ei ripe i lakken for Noreg, seier Ree.

Ikkje juridisk bindande

Espen Lie Dahl med havørn, Smøla

Espen Lie Dahl med skadd havørn på Smøla.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Vedtak i Bern-konvensjonen er ikkje juridisk bindande for Noreg. Men hadteringa av denne typen saker kan få følgjer.

- Det blir ikkje så lett å kritisere andre nasjonar om ikkje Noreg følgjer opp, seier Ree.

Førgjer for nye anlegg ?

No er spørsmålet om rapporten og behandlinga i Bern-konvensjonen kan få konsekvensar for nye planlagde vindparkar.

- Dersom dette blir ein del av den tiltakspakken som Bern-konvesjonen vedtek i november, så er det jo lettare for Norsk Ornitologisk Forening å få stansa andre vindmølleparkar, seier Ree.

Opnar sak i Bern-konvensjonen

I rapporten skriv den belgiske biologen at han på det sterkaste rår Bern-konvensjonen til å opne sak mot vindturbinparken på Smøla. Han bed om at det blir utarbeidd ein framtidig plan for vinmølleparkar i Noreg. Den aktuelle vindturbinparken på Smøla må stengast, i alle fall i periodar der havørna dannar par, formeirar seg og har ungar i området. Han peikar også på at havørna er utsett ved spesielle verforhold.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver

Et nærbilde av et stetoskop på en vegg

Lege må betale tilbake 5,8 millionar kroner