Langs kysten fyllest fryselagra av kvitfisk som ingen vil kjøpe. Også klippfiskbransjen har det vanskeleg for tida.
Mangel på kreditt i utlandet og høge norske fiskeprisar gjer at fisken blir verande på lager. Klippfiskbransjen i Møre og Romsdal omset fisk for vel 4 milliardar i året. Men no er det stopp, seier marknadssjef Knut Haagensen i Jangaard Eksport i Ålesund.
Stille på Brasil-marknaden
Knut Haagensen
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix- Det står heilt stilt på marknaden. Dersom vi ikkje får bevegelse igjen i marknaden i løpet av to-tre veker, fryktar eg for heile påskesalet til Brasil. Dersom situasjonen ikkje betrar seg, må fiskarane leggje fisken på lager eller la båtane liggje i ro. Det blir alvorlege ringverknader for alle i næringa, seier Haagensen.
Fulle fryselager
Det er ikkje berre klippfisknæringa som har vanskar. Langs kysten blir fryselagra fylte med tonnevis av kvitfisk som skulle vore selt på auksjon. Men det er få som byr, og difor må fisken frysast medan ein ventar på at nokon vil kjøpe.
Jon Eikrem
Foto: Ingunn Viken / NRKDagleg leiar ved Kloosterboer fryselager i Ålesund, Jon Eikrem, seier at alle fiskeslag no er vanskelege å omsetje. - Dei norske eksportørane er varsame med å kjøpe, det same gjeld kundane deira. Det blir ein snøballeffekt som gjer at heile marknaden stansar, og det er ikkje gjort over natta å få han i gang igjen, seier Eikrem. Han har vore i bransjen i nokreogtjue år, men har ikkje opplevd ein slik situasjon før.