Hopp til innhold

Høgreordførar i Ørsta

Per Are Sørheim frå Høgre blir den nye ordføraren i Ørsta. Det er klart etter ein koalisjon mellom Høgre, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Dermed er Tore Thon frå Frp sett til sides som ordførar. Frp kapra 5 nye mandat i kommunestyret og er det største partiet i Ørsta med til saman 10 mandat. – Ørsta er i ein krevjande økonomisk situasjon, men vi vil prøve å levere gode tenester til innbyggarane, seier den nybakte Høgreordføraren Per Are Sørheim til NRK.

Ordførarkandidat for Høgre i Ørsta, Per-Are Sørheim, står på talarstolen i kommunestyresalen. Han er skalla, har ei lys skjorte og ein mørk genser. I forgrunnen ser vi bakhovuda på dei andre politikarane som føl med på Sørheim sitt framlegg.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru