– Det er dei sjølve som har laga reglane sånn at det ikkje er råd å følgje dei.
Det seier hobbyfiskaren frå Sunnmøre.
Han har hatt kaisalsløyve i nesten 20 år, før regjeringa i 2022 endra regelverket.
No må ein ha organisasjonsnummer, og hobbyfiskarar registrerer derfor enkeltpersonføretak for å selje fisk.
Mannen driv derfor no ulovleg sal av fisk frå kai, då han meiner lovverket ikkje legg til rette for at hobbyfiskarar kan selje lovleg.
NRK har vald å anonymisere mannen, fordi han fryktar konsekvensane saka kan ha for han.
Illustrasjonsbilete, dette er ikkje båten til hobbyfiskaren.
Foto: Shiva Ghalvazi / NRK.Må vere registrert
Dersom ein hobbyfiskar vil selje fisk frå kai, må dei ha eit kaisalsløyve.
Eit kaisalsløyve gir fiskaren lov til å selje fangsten sin direkte til kjøparen, og salet må skje frå ei kai.
Privatpersonar kan derfor ikkje drive sal av fisk utan å ha papirarbeidet i orden.
- NRK har tidlegare skrive om at Fiskeridirektoratet åtvarar mot ulovleg sal av fisk på sosiale medium.
Dersom ein skal kunne få eit slikt løyve, må ein ha organisasjonsnummer.
Då må ein registrere bedrift eller enkeltpersonføretak i Brønnøysundregistera.
Deretter er det fleire ting som må gjerast for å få eit kaisalsløyve.
Sjå liste her:
Hobbyfiskaren forklarer at han hadde tenkt til å skaffe seg løyve, heilt til han såg at han måtte registrere enkeltpersonføretak.
For han blir ikkje det verdt bryet, då han seier han sel fisk for om lag 10.000 kroner årleg.
På kaia i Ålesund kan ein oppsøkje fiskarar som har kaisalsløyve og kjøpe fisk der. På båten Mats har yrkesfiskaren papirarbeidet i orden.
Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRKSynest ikkje noko om ulovleg sal
Han er klar over at det han driv på med er ulovleg, men vel å gjere det likevel.
– Eg kan jo la vere, men eg likar å halde på og ha det som hobby. Eg synest det er kjekt.
Han seier at han kjenner mange i same situasjon som han, som har gitt opp på å følgje lovverket.
– Eg synest jo ikkje det er bra med ulovleg sal. Det er sikkert mange som ikkje følgjer reglane.
Han har hatt kaisalsløyve i mange år tidlegare. Illustrasjonsbilete, dette er ikkje båten til den anonyme mannen.
Foto: Shiva Ghalvazi / NRK– Ikkje tungvint i det heile tatt
Vidar Naalsund er salssjef i Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag. Han har lite tru på at det er så vanskeleg som mannen skal ha det til.
Vidar Naalsund i Surofi meiner det ikkje er så tungvint som mannen skal ha det til.
Foto: Sunnmøre og Romsdal fiskesalslagHan seier at ein må registrere seg hos Fiskeridirektoratet, kontakte Surofi, og deretter kan ein få kaisalsløyve innan kort tid.
– Vi kan skrive ut kaisalsløyve innan kort tid, gjerne berre ein time eller to. Så det er ikkje snakk om ein lang og vanskeleg prosess.
Hobbyfiskaren seier han er klar over dette, men at kritikken går mot at det er for mykje arbeid å halde ved like eit enkeltpersonføretak for å selje fisk i liten skala.
Forstår at det kan bli opplevd som komplisert
Nærings- og fiskeridepartementet vel å ikkje svare på saka, men viser til Fiskeridirektoratet.
Dei seier det foreløpig er uaktuelt å gjere endringar i lovverket, då dei ser det som eit viktig tiltak for å halde kontroll på omsetninga og uttaket av fisk.
Seksjonssjef for seksjon fiskerikontroll og rettleiing i Fiskeridirektoratet, Torkjell Andersen. Arkivbilete.
Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK– Vi kan godt ha forståing for at ein som hobbyfiskar synest dette kan vere komplisert og vanskeleg.
Det seier Torkjell Andersen, seksjonssjef for seksjon fiskerikontroll og rettleiing i Fiskeridirektoratet.
– Samtidig må vi hugse på at fisken som er i sjøen er ein felles ressurs for oss alle. Det er viktig at vi har god kontroll på kor mykje fisk som blir tatt opp, og ikkje minst førebyggje ulovleg og svart omsetning av fisk.
Vidare seier han at all omsetning av fisk skal bli tatt gjennom eit fiskesalslag, då det er dei som gir dei nødvendige løyva.