Hopp til innhold

Åtvarar mot ulovleg sal av fisk: – Eit stort problem i næringa

Det som kan verke som uskuldige sal, kan vere lovbrot. No går Fiskeridirektoratet ut med ei klar oppfordring.

Skjemdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

SAL PÅ FACEBOOK: Dette kan vere ulovleg, ifølgje Fiskeridirektoratet.

Sommaren er i gang, og fleire nyttar anledninga til å dra på fisketur. Men dersom ein ønsker å selje fisken, bør ein passe på å ha papirarbeidet i orden.

– Vi ser ein bekymringsfull auke i annonsar der privatpersonar og fritidsfiskarar sel fisk direkte til andre privatpersonar. Eit døme er ei mor som annonserer og sel 70–80 kg filet som den mindreårige sonen hennar har fiska.

Nils-Olaf Larsen er gruppeleiar i Fiskeridirektoratet. Han har kort hår og briller.

Gruppeleiar i Fiskeridirektoratet, Nils-Olaf Larsen, ser ein auke i annonsar der privatpersonar sel fisk på sosiale medium.

Foto: Privat

Det seier Nils-Olaf Larsen, gruppeleiar i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Dette er ikkje lov, og kan føre til både bøter, inndraging av fangst og utstyr.

Vidare seier han at sosiale medium gjer det enkelt for folk å selje fisk, men det betyr ikkje at det er lovleg.

No vil dei at både kjøparar og seljarar set seg inn i regelverket slik at vidare sal ikkje held fram.

  • Skjermdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

    Sal av fisk på Facebook

    Foto: Ukjent
  • Skjermdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

    Sal av fisk på Facebook

    Foto: Ukjent
  • Skjermdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

    Sal av fisk på Facebook

    Foto: Ukjent
  • Skjermdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

    Sal av fisk på Facebook

    Foto: NRK
  • Skjermdump frå Facebook som viser ulovleg sal av fisk

    Sal av fisk på Facebook

    Foto: Ukjent

– Svart sal av fisk er ikkje noko nytt

Vigdis Torheim er kontrollansvarleg for Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag.

Ho er einig med Fiskeridirektoratet i at ein bør vere obs på sal av fisk på sosiale medium.

Torheim er godt kjend med problematikken.

– Dette er ei stor utfordring i næringa, og det har det vore lenge. Svart sal av fisk er ikkje noko nytt, og vi jobbar så godt vi kan for å få folk til å forstå regelverket.

Ho seier det er viktig å ha eit kaisalsløyve når ein skal selje fangsten sin.

Vigdis Torheim er kontrollansvarleg for Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag. Her står ho foran Brosundet i Ålesund. Ho har kort, brunt hår og raud leppestift.

Vigdis Torheim i Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag er tydeleg på at ein må ha løyve for å selje fisk.

Foto: Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

Og Torheim seier at det som kan verke som uskuldig sal, kan vere ulovleg.

– Kjøp og sal av fisk utan løyve er faktisk eit alvorleg lovbrot. Det skapar urettferd og skadar dei seriøse aktørane som driv på lovleg vis. Og i tillegg har vi ikkje kontroll på ressursuttaka i havet.

Vigdis Torheim seier det er fleire måtar ein kan sjekke om fangsten er lovleg på.

– Ein kan mellom anna kontakte salslaget for å høyre om seljar har løyve. Kaisalsløyve er berre lov å nytte seg av ved kaia, så sal utanfor kaia kan tyde på at det ikkje er lovleg.

Les også Rekordhøge prisar på torsk: – Blitt for dyrt for folk flest

Fiskeeksport

– Må vere greitt i liten skala

Cecilie Løseth og Nils Erik Lange synest ikkje det er noko stort problem at folk sel fisk i liten skala.

Dei er på båtferie i Ålesund, og kjem med eksempel på kva dei synest burde vere greitt.

– Det er dumt visst folk gjer det i store mengder. No var vi nettopp i Sykkylven, og der hadde nokre gutar elevbedrift og selde litt fisk. Så i liten skala må det vere greitt, tenkjer eg, seier Cecilie Løseth.

To personer på en båt

Cecilie Løseth og Nils Erik Lange er på båttur, og meiner det burde vere greitt å selje fisk i liten skala.

Foto: Emilie Sætre Bonesmo / NRK

Men dei synest det er bra at Fiskeridirektoratet tar grep og åtvarar mot det ulovlege salet.

– Eg synest jo det er bra, og ein skal ha fiskeløyve for å selje fisk i store mengder.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru