Hopp til innhold

Historisk radiodag i Møre og Romsdal

Onsdag 8. februar er dagen då NRK sine radiosendingar forsvinn frå FM-sambandet i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Overgang til DAB

DAB: Etter 63 år forlater NRK Radio FM-nettet i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Foto: Victoria Røren / NRK

Som einaste land i verda har Noreg bestemt seg for å sløkke FM-nettet. Det vert gjort etappevis. Frå onsdag sluttar NRK å sende på FM i Trøndelag og Møre og Romsdal. NRK markerer denne overgangen med ei eiga nettsending for dei tre fylka.

På denne historiske dagen skal du få vite alt du treng om DAB. Du skal få vite korleis du installerer DAB i bilen, korleis du stiller inn frekvensane og korleis dekninga er i tunnelane. Vi har også eit eige ekspertpanel som svarer på spørsmål.

NRK Møre og Romsdal er til stades på Moa og Kristiansund og tar gjerne imot spørsmål frå publikum.

Omfattande endringar

Det som skjer denne dagen er at NRK sine sendingar vert flytta over på DAB-nettet. Radiolyttarane i Møre og Romsdal og Trøndelag kan framleis høyre på P4, Radio Norge og nærradioar på FM-nettet.

DAB

Team frå Norsk Radio har reist rundt i Møre og Romsdal og informert om overgangen til DAB.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kan rykke ut

Øyvind Vasaasen, som er beredskapssjef i NRK, seier at det er tre gonger så mange menneske som blir berørt denne gongen i forhold til tidlegare i vinter då sendingane blei flytta over på DAB-nettet i Nordland. Difor er hjelpeteama førebudde på at det kan bli travelt.

– Desse teama kan «rykke ut» til lyttarar vi ikkje klarer å hjelpe via publikumsservice. Hjelpeteama kontrollerer også dekninga i område vi har fått tilbakemelding på. Dei oppsøkjer også radioforhandlarar, seier Vasaasen.

Når ut til «alle»

Det er Norkring som eig og driftar DAB-nettet. Ifølgje Norkring har 99,5 prosent av befolkninga i Noreg DAB-dekning. Prisen på utbygginga har vore på 1 milliard kroner.

Berre to av 15 fylkesvegtunnelar i Møre og Romsdal har fått montert DAB.

– Det er fylkeskommunen som har ansvar for akkurat desse tunnelane, og Møre og Romsdal er eit spesielt fylke med fleire tunnelar. Eg kjenner ikkje til kva som låg bak fylkeskommunens vurderingar, men vi har signalisert om dette sidan 2011, så dei har hatt nokre år på seg, seier beredskapssjef i NRK Øyvind Vasaasen.

Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal Fylkeskommune seier at dei no er i full gang med å montere DAB i tunnelane og at alle skal ha DAB + signal innan påske.

DAB i europa- og riksveg-tunnelar

Alle tunnelane i europa- og riksvegnettet i Møre og Romsdal som hadde FM-radio tidlegare har no fått DAB. Dette gjeld desse tunnelane:

  • E39 Kvivs-, Damfoss og Eidsnakktunnelen på (Volda/Hornindal)
  • E39 Hjartåbergtunnelen (Volda)
  • E39 Rotsethorntunnelen (Volda)
  • E39 Moa- og Blindheimstunnelen (Ålesund)
  • E39 Høgsettunnelen (Gjemnes)
  • E136 Vågstrandtunnelen (Rauma)
  • E136 Innfjordtunnelen (Rauma. Ferdig 9. februar)
  • Rv 658 Ellingsøy- og Valderøytunnelen (Ålesund)
  • Rv 70 Oppdølstrandtunnelen (Sunndal)
  • Rv 70 Gyltunnelen (Tingvoll)
  • RV 70 Eikremtunnelen (Tingvoll)
  • Rv 70 Freifjordtunnelen (Kristiansund)

DAB i fylkesvegtunnelar

Dei fleste tunnelane som har hatt FM-dekning på fylkesvegnettet har ikkje DAB-sendarar installert til 8. februar. Årsaka er at løyvingane til dette kom seint i fjor haust. Men nokre fylkesvegar har DAB allereie.

  • Fv 60 Ljøtunnelen (Stranda)
  • Fv 64 Fannefjordtunnelen (Molde)

Får DAB i mars:

  • Fv 60 Streketunnelen (Stranda)
  • Fv 64 Atlanterhavstunnelen (Averøy/Kristiansund)
  • Fv 653 Eiksund, Morkås og Helgehorntunnelen (Volda/Ørsta/Ulstein)

Får DAB i april:

  • Fv 41 Leiratunnelen (Ørsta)
  • Fv 62 Skrøotunnelen (Sunndal/Nesset)
  • Fv 62 Øksendalstunnelen (Sunndal)
  • Fv 64 Tussentunnelen (Molde/Fræna)
  • Fv 127 Alnestunnelen (Giske)
  • Fv 650 Dyrkorntunnelen (Stordal)
  • Fv 650 Stordalstunnelen (Stordal)
  • Fv 658 Godøytunnelen (Giske)
  • Fv 662 Nakktunnelen og Haukabøtunnelen (Molde)
  • Fv 671 Svinviktunnelen (Surnadal)

Betre tryggleik med DAB

DAB-radio gjev naudetatane større høve til å kunne gje trafikantane naudinformasjon i tunnelar.

– I tunnelane med DAB kan både vegvesenet og naudetatane gje meldingar til trafikantane over radio om det skjer ei ulukke. Før var dette mogleg berre på NRK P1. Med DAB-radio kan vi informere trafikantane uavhengig av kva kanal dei høyrer på, seier Jan Stian Tafjord i Statens vegvesen.

Her får du vite alt du treng om DAB. Korleis du installerer det i bilen, korleis stille inn frekvensane og korleis dekninga er i tunnelane. Vi har også eit eige ekspertpanel som svarer på spørsmål.

NRK Møre og Romsdal er til stades på Moa og Kristiansund og tar gjerne imot spørsmål frå publikum.