Hopp til innhold

Her dyrka dei Odin og Tor i vikingtida

Nye funn har overtydd forskarane: I gudehovet i Ørsta har det vore store religiøse festar og ofringar til ære for gudane Odin og Tor. Området har vore ein religiøs kultplass i mange hundre år.

Kulthus Gudehus i Ørsta Gudehov

Slik kan gudehovet i Ørsta ha sett ut. I vikingtida var dette ein viktig bygning for tilbeding og ofring til norrøne gudar som Tor, Odin og Frøya.

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

– Dette er eineståande, seier forskar og arkeolog Søren Diinhoff ved universitetet i Bergen.

Aldri før har det vore funne så tydelege spor etter eit tempel for dyrking av dei norrøne gudane i Noreg, meiner han.

Funnet utløyste spekulasjonar og interesse så vel hos folk flest som i vitskaplege miljø både her i landet og utlandet.

Men i fagkrinsar blei funnet også møtt med skepsis, og fleire meinte dette ikkje kunne vere eit gudehov. Det mangla mellom anna gjenstandar ein meiner var knytt til gudsdyrking i førkristen tid. Funn av symbol for fruktbarheitsdyrking har no slått tvil til side.

– Men vi var aldri i tvil, seier Diinhoff. Han har stått i spissen for utgravingane.

Søren Diinhoff

Søren Diinhoff meiner dei rundt 80 centimeter store og rektangulære hola etter kraftige stolpar, og forma på bygningen, støttar teorien om at her har stått eit gudehov.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Diinhoff jobbar ved Universitetsmuseet i Bergen, og er ein av dei fremste ekspertane i Norden på byggeskikk og arkitektur i jarnalderen, åra mellom 550 og ca. 1030. Han har doktorgrad i emnet.

– Fantastisk!

Analysar som no er ferdig, viser at Diinhoff og hans team hadde rett; spora etter det 14 meter lange, sju-åtte meter breie og truleg opptil 10 meter høge huset, stammar frå eit gudehov.

– Dette er heilt fantastisk! Det er kjempespennande når teoriar brått kan få svar, seier Ine Høstmælingen Jensen begeistra. 22 -åringen tek bachelor i historie ved Høgskulen i Volda og studerer religion i tillegg.

Thilde Thomasgård tar årsstudium i religion, kultur og samfunn, og er like entusiastisk over gudehovet som er påvist i nabobygda Ørsta.

Studentar ved Høgskulen i Volda

Ine Høstmælingen Jensen og Thilde Thomasgård synest det er kjempespanande at Osemarka var eit religiøst sentrum i mange hundre år.

Foto: Privat

– Veldig gøy, dette høyrest utruleg spanande ut. Sjølvsagt er det interessant for oss som studerer både religion, kultur og samfunn, men dette trur eg vil interessere folk flest også, seier Thilde.

Begge vil følgje med på den vidare forskinga og sjå kva meir informasjon funnet kan gi.

Slik ser forskarane ved Universitetsmuseet i Bergen føre seg at hovet i Ørsta kan ha sett ut. Bygningen var mektig der den låg godt synleg ved fjorden.

Ofra til gudane

Funnet av eit heilt spesielt offer løyste gåta om når det heidenske gudshuset blei bygd. I hòlet etter ein stolpe i eine hjørnet låg ein jarnplog, altså ein reiskap for å snu jord på åkrar.

Analysar viste at plogen var ofra til norrøne gudar i perioden 970 til 990. Bygginga skjedde dermed i overgangstida mellom den gamle Åsatrua der Odin var øvste guden, og innføringa av kristendomen her i landet.

Plogjarn frå vikingtid avfotografert av Telemark museum.

Plogjern frå vikingtida som liknar funnet i gudehovet i Ørsta.

Foto: digitaltmuseum.no

Søren Diinhoff meiner offeret er svært interessant på fleire måtar.

– Jernplogen er eit symbol for fruktbarheit. Det tydar på at ikkje berre Odin og Tor, men også fruktbarheitsgudane Frøy, Njord og Frøya stod i sentrum for gudsdyrkinga i hòvet.

Fleire funn enn gudehovet gjer Osemarka til ein unik plass.

Religion i sentrum

Området var nemleg, ifølgje fagfolka i Bergen, ein sentral stad for religiøs aktivitet i Ørsta og bygdene rundt. Det varde i mange hundre, kanskje tusen år.

– Gjennom tidene har stormenn med politisk og religiøs makt vore sjefane, men religionane har blitt utskifta. Til alle tider har så folket i fellesskap drive fruktbarheits- og gudsdyrking i ærefrykt og kanskje frykt.

Fallosstein frå Osemarka i Ørsta.

Fallosteinen frå Ose fortel om fruktbarheitsdyrking på 2-300-talet og i fleire hundre år framover.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Liknande religiøse område sentralt plasserte i bygder ved fjord eller sjø, kan ha eksistert fleire stadar i landet utan at dei har blitt avdekte. Dei fleste er for lengst nedbygde, meiner arkeologane.

Ein kvit fallosstein er nok eit prov for religiøs utøving på Osemarka. Fallossteinen symboliserer det mannlege kjønnsorganet, og ved steinen har rituelle seremoniar og festar gått føre seg.

– Alt skjedde for at kvinnene skulle føde mange barn, husdyra få mange kalvar og at jorda skulle gi mykje korn og anna føde.

Nok eit sjeldan funn

Dei mange kokegropene utgravinga i fjor avdekte, stadfester Osemarka som ein viktig stad for religionsdyrking også etter at fallossteinen hadde gjort si nytte.

– Under Åsatrua i vikingtida var det store, religiøse festar ved sommar- og vintersolkverv. Ein viktig del av seremoniane var spesiell kjøtmat kokt i dei mange gropene.

Diinhoff er tydleg stolt over spora etter endå ein rituell plass, eit lite hus omgitt av eit gjerde forma som ein ring. Arkeologane frå Universitetsmuseet i Bergen trur støtter av gudar har stått inne i huset. I visse høve har dei truleg blitt borne ut og brukte i religiøse seremoniar.

Skisse over korleis kulthuset kalla horg kan ha sett ut på Osemarka i Ørsta.

Skissa gir eit inntrykk av korleis arkeologane og teiknaren ser føre seg det vesle kulthuset som ein gong stod på Osemarka.

Foto: Skisse: Ragnar Løken Børsheim / UiB

– Det kan kanskje kallast eit horg. Den sirkelrunde innhegninga gjer dette til eit sjeldan og spesielt funn, og kan vere ei særeigen vestnorsk utforming av slike kultplassar, seier Diinhoff.

Roleg overgang til kristendomen?

Noreg blei formelt kristna på tinget i Moster i Vestland i 1024. Men alt på 900-talet kjende vikingane meir eller mindre til kristendomen. Diinhoff meiner det er interessant at gudehovet i Ørsta ikkje blei rive ned straks den nye trua var innført. Analysar viser nemleg at bygningen blei demontert først ein gong mellom 1030 og 1070.

– Ein mogleg tanke er at gudehovet blei nytta som kristen kyrkje i ein overgangsperiode. Det kan støtte dei som meiner kristendomen ikkje blei brutalt tvangsinnført, men kom stille og roleg inn, seier Søren Diinhoff.

I nabobygda Volda er historie- og religion studentane opptekne av kva som vidare bør skje på Osemarka.

– Formidlaren i meg seier at dette må markerast med god skilting og fine informasjonstavler. Dette kjem til å ha stor interesse vidare, meiner Ine.

– Absolutt einig. Området der gudehovet stod kan bli ein stor attraksjon både for turistar og alle andre. Eg trur mange vil synest at dette er ein interessant stad å besøkje, legg Thilde til.