Økonomien i Helse Møre og Romsdal er i krise. I løpet av tre år skulle føretaket kutte nesten ein milliard kroner.
No ser dei at det ikkje er mogleg.
– Det er ei heftig utfordring, seier nyvalt styreleiar Herlof Nilsen etter styremøte i Helse Møre og Romsdal i dag.
No ber helseføretaket om å få lengre tid til å gjennomføre kutta.
Styreleiaren seier at både pasientar og tilsette må førebu seg på ein annan kvardag enn det dei har i dag.
Administrerande direktør Olav Lødemel og styreleiar Herlof Nilsen.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKVarslar fleire kutt
Helse Møre og Romsdal skal kutte 467 millionar i løpet av 2025. Det er 170 millionar meir enn først venta.
Før møtet i dag var det varsla at det skulle kome meir konkrete kutt. Men møtet gav ingen klare svar.
– Vi ser på sengepoststruktur og talet på årsverk, og prøver å redusere dei med ulike tiltak, seier administrerande direktør Olav Lødemel.
Lødemel seier at dei må kutte i stillingar på alle klinikkar i fylket.
Foretakstillitsvalt for overlegeforeininga i Møre og Romsdal, Igor Jokic, seier dei er uroa over kutta.
Foto: Remi Sagen / NRKForetakstillitsvalt for overlegeforeininga i Møre og Romsdal, Igor Jokic, seier situasjonen er alvorleg.
– Det er vanskeleg å sjå kor ein skal ta desse årsverka. Alle jobbar på spreng, det er mykje overtid og oppgåver som står i kø, seier Jokic
I Ålesund har dei fått beskjed om at ein kan miste karkirurgisk, urologisk, nyre og hjartemedisinsk bakvakt, som kan bety at pasientar må flyttast ut av fylket.
I tillegg til kutt i årsverk har helseføretaket også innført forbod mot overtid som ikkje er planlagt. Alle nye stillingar må godkjennast av administrerande direktør. Det er også vurdert bruk av kunstig intelligens for å effektivisere konsultasjonar.
– Betalar prisen
Nytt sjukehus på Hjelset og eit nytt bygg for akutt, intensiv og operasjon i Ålesund blir trekt fram som ein del av grunnen til det store underskotet. Sprengte budsjett i innføringa journalsystemet Helseplattforma er også del av skulda.
No må pasientar og tilsette betale prisen, seier Jokic.
– Det er leit og urovekkande, særleg når vi veit årsaka til at vi er der vi er i dag. Det er utelukkande Helseplattforma og dei nye bygga, seier han
Før møtet kritiserte dei tillitsvalde i Møre og Romsdal måten kuttprosessen har skjedd på.
– Eg veit framleis ikkje kva det betyr for oss. Vi har ikkje fått nokon detaljar, seier Jokic.
Helse Møre og Romsdal bruker konsulentselskapet Deloitte for å hjelpe dei med forslag til kutt. Kor mykje pengar dei brukar på dette vil dei ikkje svare på.
Igor Jokic seier at pasienttilbodet vil bli dårlegare.
Foto: Remi Sagen / NRKBeklagar
Administrerande direktør Olav Lødemel beklaga at dei tillitsvalde ikkje hadde fått god nok informasjon i forkant av møtet.
– Det var krevjande i denne saka. Så skal vi snakke vidare på ein god måte. Det kan ein garantere, seier Lødemel.