Hopp til innhold

Havila tapte i lagmannsretten

Havila Kystruten Operations må betale over 7,8 millionar kroner til Norwegian Marine Interior i Molde.

Det er klart etter ein dom i Frostating lagmannsrett.

Norwegian Marine Interior hadde oppdraget med å innreie passasjerlugarar og fellesområde på kystruteskipa Havila Capella og Havila Castor.

Leveringa av skipa var forseinka, og då skipa blei overlevert sto det att ein del arbeid før skipa kunne reknast som ferdigstilte. Noko blei utført under overfarta til Noreg -og då skipa kom i hamn i Bergen.

Havila Capella til kai i Ålesund, 28. februar 2022.
Foto: Øyvind I. Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no