Hopp til innhold

Halvt år for Steenslid

Molde-stoppar Børre Steenslid har fått ein korsbandskade. Det gjer at han er ute av spel i eit halvt år.

Børre Steenslid

Steenslid etter kampen mot TIL

Foto: NRK

Det betyr at spelaren som vart henta til Molde frå Viking for fleire millionar kroner må ha ein operasjon.

Han er dermed mest truleg ute i eit halvt år, opplyser manuellterapeut i Molde FK, Leif Arne Lystad til NRK Møre og Romsdal.

Det vil gå to-til fire veker før han kan opererast fordi kneet må vere utan hevelse når inngrepet skal gjerast.

Moldes lege Dag Sunde seier til NRK at dei har fått svar på MR-bilda som vart tatt på sjukehuset i Cartagena i går.

- Bilda viser det vi frykta, at Børre har pådratt seg ein korsbandsskade.

Børre Steenslid Molde - Tromsø

Steenslid vart skadd i denne duellen.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Det var i kampen mot Tromsø i går på La Manga at Steenslid landa skeivt og vrei høgrefoten etter ein duell

Fleire stopparar

Molde har fleire stopparar i stallen. Det er derfor uklart om klubben vil hente inn ein direkte erstattar for Steenslid i år. Christian Steen, Vegard Forren, Torjus Åland og Krister Wemberg er blant dei som kan spele på stopparplass på årets MFK-lag.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL