NRK Meny

Godtar ikkje Vestland-namnet

Fylkesleiaren i KrF i Møre og Romsdal, Randi Walderhaug Frisvoll, vil ikkje godta at Hordaland og Sogn og Fjordane tek namnet Vestland når dei slår seg saman. Ho seier til NRK at namnet har med identiteten til alle vestlendingar å gjere, og at det er feil at to fylke stikk av med namnet. Saka skal drøftast på styremøtet i fylkespartiet i kveld, der også stortingsrepresentant Steinar Reiten blir med. KrF sentralt vurderer sterkt å støtte Ap, SV og Sp som i stortinget vil seie nei til namnet Vestland. Namneopprøret i opposisjonen kan dermed kome til å velte namnevalet til dei to andre vestlandsfylka.

Kvinneportrett
Foto: Sissel Brunstad / NRK