Hopp til innhold

Geitebonde har mist 70 dyr

Inge Røyrhus satsa millionar på ny fjøs og kjøpte nye, friske geiter. Dei unge dyra gjekk seg vill på beite og kom aldri heim.

Inge Røyrhus

Det har vore fortvilande for geitebonde Inge Røyrhus å miste så mange geiter. Han skulle hatt 110 dyr, men i fjøset er det berre rundt 30.

I det nyoppussa geitefjøset på Røyrhus i Stranda kommune står mange av båsane tomme. Fordi geitenæringa slit med sjukdom i bestandane, har bøndene slakta ned sjuke dyr og erstatta dei med nye friske. Dette har også geitebonde Inge Røyrhus i Stranda gjort. Han har investert nesten 2 millionar kroner i oppussing og nye dyr. 110 geiter skulle stått i fjøset no, men der står berre litt over 30 dyr. Dei andre kom aldri tilbake frå beite i haust.

– Eg har grubla på det og ikkje sove så godt som normalt, seier Inge Røyrhus.

Geiter sakna i fjellet

Geitene har blitt observert på over 1000 meters høgde i fjellet i svært vanskeleg terreng. Bonden trur ikkje dei har overlevd vinteren.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Fryktar at alle er døde

I alle år har geitene beita i Liene som ligg over garden. Det heilt spesielle i sommar var at heile flokken bestod av ungdyr utan opplæring frå dei eldre. Dei forlot det gamle beiteområdet og stakk av til dei brattaste fjellpartia. Ni kje ramla utfor fjellhyller og ni andre vart skotne ned. Over 50 andre dyr delte seg i tre flokkar og i løpet av hausten har geitebonden gått mange fjellturar for å få dei ned att. Han har aldri klart å kome nær dei.

Siste observasjon av den største flokken med geiter var 22. november. Då vart dei sett høgt til fjells i den utilgjengelege fjellheimen mellom Sunnmøre og Nordfjord.

– Eg fryktar at samtlege av dyra er tapt. No skal det meir enn eit under til at dyra er i live, seier Røyrhus. Han har søkt om løyve til å køyre snøskuter i området for å leite, men terrenget er svært vanskeleg.

Ikkje forsikra

For bonden er det eit stort økonomisk tap å miste så mange dyr. Dei innkjøpte dyra kostar mange tusen kroner, og skulle i framtida vere produksjonsdyr. Han har ei mjølkekvote på over 70.000 liter, og planen var å vere i normal produksjon i løpet av 2016 og 2017.

Geiter på beite er ikkje forsikra, og staten gir berre erstatning dersom tapet skuldast rovdyr.

– Eg kan ikkje gi opp endå, men eg må tenkje om eg skal gjere andre ting i tillegg, seier bonden.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL