Hopp til innhold

Uroa over forgubbing i landbruket

Snittalderen på bonden i Møre og Romsdal er no 52 år. Ofte er den som overtar nærare 40 år. Denne forgubbinga skaper uro blant dei som ynskjer eit livskraftig landbruk.

Fjøset til Malvin Harnes

Det vert stadig færre bønder i Møre og Romsdal. Snittalderen på dei som er att er 52 år.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Anne Berit Løset

Anne Berit Løset er landbruksdirektør i fylket og seier det går seint med å få yngre krefter inn i landbruket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Landbruksdirektør i fylket, Anne Berit Løset, seier det går treigt å få ymgre krefter inn i landbruket. Som unge flest vil dei som bur på gard ta utdanninga. Ofte etablerer dei seg med familie og annan jobb før det er aktuelt å ta over heimgarden. Dermed vert dei både 30 år og opp mot 40 år før generasjonsskifte skjer. Utviklinga går mot færre og større gardar og eldre bønder. Krava til effektivitet og lønsemd skremmer mange.

– Landbruket slit med omdømet. Eit viktig element er at lønsemda i landbruket ofte ikkje står i samsvar med lønsutviklinga i andre sektorar, seier Løset.

Ho ser samstundes at einskilde klarer seg økonomisk i landbruket, med ein stor innsats.

LES OGSÅ:

Få gardar til sals

Det vanlegaste er at det er familiemedlemar som overtar garden når bonden blir for gamal til å drive vidare. Der det ikkje er mogleg, er det opning for at yngre krefter kan kjøpe garden på den opne marknaden.

– Fleire burde sleppe til i landbruket via den opne marknaden, men det krev ein annan måte å tenkje på, seier Løset. Ofte er det vanskeleg å selje garden, fordi dette er buplassen til familien gjennom fleire generasjonar.

Per Eldar Nakken

Per Eldar Nakken er leiar for eit prosjekt for å få bønder som skal legge ned garden til å overdra den til folk som vil drive vidare.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Uroa over alderen

Per Eldar Nakken leiar Bondelaget sitt prosjekt «Fortsatt gardsdrift» og er uroa for at snittalderen på bøndene aukar.

– Det er stadig færre som driv og færre som overtar gardar. Då går snittalderen sakte, men sikkert oppover, seier Nakken.

Prosjektet har som mål å kjempe mot nedlegging av gardar og har ambisjonar om å påverke bønder som er i ferd med å legge inn årene.

– Vår oppgåve er ikkje å få bøndene til å halde fram lenger enn dei har tenkt, men å få dei til å overdra garden til nokon som ynskjer å drive, seier Nakken. Det er ein tidkrevjande prosess å få folk til å selje livsverket sitt