– Det aller viktigaste for oss er at ferjene går ofte nok. Frekvens er heilt avgjerande. Det er dyrt å måtte bli ståande og vente. I verste fall når vi ikkje fram i tide og må overnatte i bilen.
Fylkesleiaren i Norges Lastebileierforbund i Møre og Romsdal, Torstein Ottem, er krystallklar. Å kutte i talet på ferjeavgangar får store konsekvensar. Difor har mykje stått på spel dei siste månadane.
For Møre og Romsdal fylkeskommune har hamna i ein krevjande situasjon. Økonomien har vore i krise. Det har handla om å unngå Robek-lista. Kuttforslaga har stått i kø. Eitt av forslaga har vore å redusere talet på ferjeavgangar.
Politikarane har hatt kniven på strupen. Men dei mest upopulære forslaga seier dei nei til. Det blir ikkje noko kutt i ferjetilbodet. I alle fall ikkje no.
– Det er kjempebra at dei har spart ferjene denne gongen. Men vi er jo redd for kva som vil skje i framtida.
Fylkesleiaren i Norges Lastebileierforbund i Møre og Romsdal, Torstein Ottem og Tore Sætran i Sætran transport er glade for at ferjeavgangane ikkje blir kutta.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKSkulenedlegging
Ei anna stor sak er skulestrukturen. Fylkeskommunedirektøren har foreslått å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule frå august neste år. Også det har sett sinna i kok.
Forslaget har ført til protestar og demonstrasjonstog i Tingvoll. Politikarane har skote ned forslaget. Det blir ikkje noko av dette i 2025. I staden blir det sett i gang eit arbeid der ein skal sjå på den framtidige skulestrukturen i heile fylket.
Men debatten i fylkestinget viser at det sit langt inne for politikarane å endre den vidaregåande skulestrukturen. Korkje no eller seinare.
– No blei eg veldig usikker på om det er noko vits i å stemme for dette. Når eg høyrer kva som blir sagt her så spør eg om vi no pålegg administrasjonen eit arbeid som ingen har tenkt å ta på alvor, sa Torgeir Dahl (H).
Torgeir Dahl (H) er usikker på om utgreiinga av skulestrukturen vil føre til endringar.
Foto: Trond Vestre / NRKFerjetakstane
2024 har vore som ein evigvarande brytekamp mellom fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak og politikarane. Politikarane har vraka mange av forslaga frå fylkeskommunedirektøren.
Ekstra pengar frå regjeringa har gjort det lettare for politikarane å seie nei.
Fleirtalet i fylkestinget vil skjerme både ferjeavgangar og skulestrukturen. Men Høgre, Frp, KrF og Venstre som har fleirtal i fylkestinget, er ikkje samde om kor dyrt det skal vere å reise med ferje.
Fylkestinget vedtok å auke ferjetakstane i juni. Høgre stemte for. Semja mellom dei borgarlege partia sprakk. Men fylkeskommunedirektøren har foreslått å auke ferjetakstane ytterlegare, både i 2025 og 2026.
I første omgang sto fleirtalet samla om å avvise forslaget. Men i fylkestinget tysdag sprakk det igjen. Høgre ville auke takstane i 2025 og plusse på med endå ei takstauke i 2026.
Denne auken inneber at dei vidaregåande skulane får 16 millionar kroner meir i 2025.
Men framgangsmåten var spesiell. For fleirtalspartia la først fram eit heilskapleg fellesforslag som sa nei til auka ferjetakstar. Deretter kom Høgre med eit tilleggsforslag der desse takstane likevel blir auka.
– For eit kaos, var kommentaren frå Lisa Alvestad (Sp).
Lisa Alvestad (Sp), Line Hoem (Ap) og Geir Ove Leite (Ap) diskuterer budsjettet under møtet i fylkestinget.
Foto: Trond Vestre / NRKÅ svelge kamelar
Høgre sitt tilleggsforslag fekk fleirtal i fylkestinget. 31 av 47 politikarar støtta forslaget. Dermed aukar ferjeprisane dei neste to åra.
– Av og til så må ein svelge nokre kamelar. For Høgre har det ikkje vore noko ønske å auke ferjetakstane. Men vi meiner det er heilt naudsynt no å ta ansvar for fylkeskommunen sin økonomi og tilbod, sa Monica Molvær (H).
Molvær meiner forslaget er udramatisk fordi partia ikkje har ein avtale om at dei skal vere samde om ferjetakstane.
– Det har vore ei ope usemje om ferjetakstane. Det som vi gjorde her, var avklart på førehand.
Men Frp sin gruppeleiar, Frank Sve (Frp), er irritert over partnaren i det borgarlege fleirtalet.
– Det er jo blitt standarden med Høgre at dei bryt med det borgarlege fleirtalet. Dei gjorde det i sommar, og no gjorde dei det igjen.
Frank Sve (Frp) likte dårleg at Høgre foreslo auka ferjetakstar.
Foto: Trond Vestre / NRKHamnsund-sambandet blir vidareført. Det blir også tilskotet til Sundbåten i Kristiansund. Togbussen som skal frakte togpassasjerar frå Nordmøre til Oppdal, blir heller ikkje lagt ned.
Men prisen på ungdomskortet aukar, og aldersgrensa for dei som kan bruke kortet, blir lågare.
Kutt som svir
Men det er nokon som må betale prisen. Og dei kutta som politikarane har gjort med ostehøvel, er ikkje like synlege og skaper ikkje dei same overskriftene.
Det er kanskje greitt for politikarane. Men dei svir like mykje for dei det gjeld.
Det har vore ein kraftig nedbemanning i administrasjonen. Folk har blitt sagt opp. Og skulane har blir tynt med stillingskutt og vikarstopp. Det råkar elevane.
Jonas Maas Nilsen (MDG) var kritisk til korleis pengane blir prioritert.
– Det verste er at det ikkje blir sett av ekstra pengar til skulane. Det inneber vidare kutt i skulane. Vi ser ei utvikling no der fråfallet aukar, der fråværet aukar og der det har blitt meir mobbing. Elevar og lærarar ber innstendig om meir ressursar til skulane.
Jonas Maas Nilsen (MDG) meiner dei unge er taparen i budsjettet. Bildet er frå eit tidlegare møtet i fylkesutvalet.
Foto: Trond Vestre / NRKFramleis ein utfordrande situasjon
Møre og Romsdal fylkeskommune unngår Robek-lista i 2025, men det er framleis ein utfordrande situasjon, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
– 2025 ser rimeleg greitt ut. Men dei har jo budsjettert med auka skatteinngang frå 2026 og utover. I tillegg så mistar vi inntekter når vi ikkje lenger mottar rentekompensasjon for Nordøyvegen etter 2025.
Og kutta som har vore gjennomført i 2024 har sett sine spor, seier Hovdenak.
– Vi ar redusert administrasjonen med kring 50 årsverk. Det betyr at det er mykje vi ikkje kan levere på i åra som kjem. Vi må redusere ambisjonsnivået. Og stillingskutta i vidaregåande opplæring vil få konsekvensar for tilbodet.