Hopp til innhold

Frp suverent størst i Møre og Romsdal - KrF ligg an til comeback på Mørebenken

Frp får 30,4 prosent i Møre og Romsdal i supermålinga som Norstat har gjort for NRK. Ifølgje målinga ligg KrF an til å gjere comeback på Stortingets Mørebenk.

Sylvi Listhaug med Frps valgbil
Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Møre og Romsdal har alltid vore eit godt Frp-fylke. Sjølvsagt synest eg det er kjekt å gjere det godt i heimfylkes mitt. Eg håpar at vi skal halde koken heilt inn no og gjere eit skikkeleg godt val.

Frp-leiar Sylvi Listhaug kan smile breitt over dagens NRK-måling. Partiet har klart å stabilisere seg på kring 30 prosent i oppslutning i Møre og Romsdal og stadfestar posisjonen som det klart største partiet i fylket.

NRKs supermåling er tatt opp over hele landet over to veker midt i august. I Møre og Romsdal blei veljarane spurt 11. august.

Hadde dette vore valresultatet så hadde Frp kome inn med tre representantar frå Møre og Romsdal. Det er ein meir enn i dag.

Men Frp-leiaren vil ikkje sprette sjampanjen no.

– Det er 13 dagar igjen til valet. Vi skal ikkje gjere opp noko før valet er over. Så kan vi snakkast då.

Meningsmåling august 2025 Hvordan ville Møre og Romsdal stemt?

Vis i tillegg
Partioppslutning
PartiOppslutningEndring
30,4 %
−0,1
22,7 %
−1,0
12,1 %
−3,1
7,0 %
+1,6
5,9 %
−1,6
5,8 %
−0,2
4,8 %
+0,4
4,5 %
+2,2
2,5 %
+0,6

Partimåling fra Norstat for august 2025 med 800 spurte. Viser endring fra meningsmåling i mai.

KrF-jubel

Ein annan som grunn til å juble over dagens måling er KrF-leiar Dag Inge Ulstein. Dei siste vekene har vore ein einaste lang opptur for KrF, og den ser ikkje ut til å stanse.

Ikkje minst er Ulstein glad for at ei gamalt KrF-fylke kanskje vaknar til liv. Frå 1945 til 2021 var KrF alltid representert frå Møre og Romsdal på Stortinget.

I 2001 då Kjell Magne Bondevik blei statsminister for andre gong var KrF det største partiet i Møre og Romsdal med 19,8 prosent.

Men dei siste åra har det gått kraftig nedover med partiet og i 2021 fell KrF ut av Stortingets Mørebenk.

No får dei 7 prosent i Møre og Romsdal i denne målinga og er inne med eit direktemandat i det fylket der Ulstein sjølv vaks opp.

I ei måling med 800 spurde vil små parti med små tal innebere ein store feilmargin. Men optimismen er på topp i KrF.

– Ai, ai, ai. Dette er jo heilt fantastisk. Det er kjempestemning når vi er ute og møter folk. Eg trur folk er glade over å få sjå eit tydeleg og offensivt KrF.

Partileder i KrF Dag Inge Ulstein på KrF landsmøte

KrF-leiar Dag Inge Ulstein er svært fornøgd med målinga for Møre og Romsdal.

Foto: Nina Kausland / NRK

Ein boost

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner KrF har tent på å ha tatt ein del tydelege standpunkt i valkampen.

Nokre av dei har vakt oppsikt og partiet har fått mykje kritikk som til dømes synet på Israels krigføring i Gaza og bruken av Pride-flagget. Men det har gitt resultat.

– KrF har fått ein boost. dei har klart å mobiliserer veldig og særleg frå dei andre borgarlege partia. I Møre og Romsdal har dei tent godt på å vere tydeleg.

en person som sitter foran en datamaskin

Valforskar Bjarte Folkestad meiner KrF har lukkast med å ta tydelege standpunkt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Høgre og Sp

Dei to store taparane er Høgre og Senterpartiet. For Høgre har det gått frå vondt til verre sidan den førre supermålinga som NRK hadde i mai.

No er partiet heilt ned på 12,1 prosent i Møre og Romsdal, og Monica Molvær ser ut til å bli den einaste Høgre-politikaren som blir representert frå Møre og Romsdal.

Direktemandater fra Møre og Romsdal Antall stortingspolitikere – uten utjevningsmandatet

Antall politikere per parti
PartiAntall politikereEndring
Venstresiden: 2
00
0-1
20
0-2
00
Høyresiden: 5
11
00
10
31

Viser hvor mange partiene kan få valgt direkte inn på Stortinget fra Møre og Romsdal. Sammenlignet med valgresultatet 2021. I tillegg til direktemandatene, vil ett parti få et utjevningsmandat fra Møre og Romsdal. I Norge samlet sett får SV 5, V 4, MDG 4, R 3, KrF 2 og Sp 1 utjevningsmandater ifølge målingen. Det er usikkert hvilket av partiene som får utjevningsmandatet fra Møre og Romsdal.

Endå meir dramatisk kan situasjonen bli for Senterpartiet som har to frå Møre og Romsdal på Stortinget i dag. No kan dei falle ut av Stortinget sin Mørebenk med 5,9 prosent.

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien kjempar for attval. Men han har trur på at partiet kan snu trenden.

– For oss gjeld det nå å vere ute og få fram bodskapen vår. Vi får veldig gode tilbakemeldingar når vi møter folk. Eg trur dette kan bli svært jamt.

Bonden Geir Inge Lien

Geir Inge Lien (Sp) seier det blir viktig å få ut bodskapen til folk.

Foto: Isabelle Orvik

Trur på tre mandat

Arbeidarpartiet har også stabilisert seg og kjem ut på denne målinga med 22,7 prosent.

Vegen opp til Frp sitt nivå synest lang no, men stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen meiner det er grunn til å håpe på at partiet kan få eit mandat meir enn i dag.

– Vi er optimistisk og vil gjere alt det vi kan for å få inn tre mandat frå Møre og Romsdal.

Per Vidar Kjølmoen, Arbeiderpartiet

Per Vidar Kjølmoen (Ap) har ikkje gitt opp kampen om å få inn tre frå Møre og Romsdal.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK