Hopp til innhold

Fotograferte avkledde jenter

Ein 38 år gamal lege er sikta for å ha fått 15 og 16 år gamle jenter til å kle av seg framfor kamera.

Det fortel forsvarar Svein Tømmerdal til Sunnmørsposten .

Advokat Svein Tømmerdal

Advokat Svein Tømmerdal er forsvarar for den 38 år gamle legen.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Han er sikta for å ha utveksla bileta på mobiltelefon, seier Tømmerdal. Men det har ingen ting med legegjerninga hans å gjere. Det har heller ikkje vore noko seksuelt misbruk, det har ikkje vore nokon fysisk kontakt, seier Tømmerdal til NRK.

Mannen jobbar i Norsk Luftambulanse og vart pågripen medan han var på jobb ved helikopterbasen på Dombås måndag.

Les: Lege sikta for tvang

Pressekonferanse i dag

Politiet i Ålesund kallar inn til pressekonferanse klokka 14.00 i dag. Mannen skal også møte i retten i dag.

– Vi får vite meir om kva den sikta seier om siktinga seinare i dag når han har møtt i retten.

- Vil han motsette seg varetektsfengsling?

- Det får vi vite meir om når han møter i retten.

Etterforskingsleiar Terje Rishaug vil ikkje seie noko om kvifor saka vert handtert her i distriktet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL