Fortuna vidare etter snuoperasjon

Fortuna frå Ålesund er vidare til 3. runde i NM i fotball for kvinner etter ein fantastisk snuoperasjon heime i Ålesund onsdag kveld. Fortuna låg under 0-2 mot KIL/Hemne, før Anna Kristin Brenne reduserte etter 70 minutt. Etter 81 minutt sikra Brenne ekstraomgangar, og der gjekk Fortuna opp i leiinga med sit sjølvmål.. Etter 112 minutt punkterte Solveig Engås kampen med nok ei skåring. Kampen enda altså 4-2 til heimelaget.