Hopp til innhold

Første salve for rassikker veg

Klokka 12.00 gjekk den første salva i rassikringsarbeidet på strekninga Bjørke -Leira.

Første salva Leira kl 1215 , 4.november 2008
Foto: Dagfinn Rotevatn

- Denne dagen har vi venta lenge på, seier leiar i Bjørke grendalag, Cecilie Rørstad.

- Ein stor dag

- Det betyr alt for oss som må bruke denne vegen kvar dag. Ein blir sjølvsagt prega av å vere avhengig av ein veg som har vore så rasutsett som denne strekninga har vore, seier Rørstad.

Idag klokka 12.00 startar det første arbeidet med tunnelen som skal erstatte den rasutsette strekninga Bjørke- Leira på fylkesveg 41 i Ørsta kommune. Rassikringa vil koste 140 millionar kroner, og skal stå ferdig hausten 2010.

- Vi har brukt så mykje tid og krefter på denne saka, så dagen idag er ein stor dag, seier ho.

Les og: rassikringa kan starte

Gjer kvardagen tryggare

Leiaren i Bjørke grendalag seier at det har tatt lengre tid enn ho har trudd å få i gang dette arbeidet.

- Tunnelen gjer at kvardagen vår blir enklare og tryggare og at det blir forsvarleg å reise på jobb og sende ungane på skule og fritidsaktivitetar, seier Rørstad. - No gler vi oss til å ete kake!

Folk har møtt opp for å feire rassikringa
Foto: Dagfinn Rotevatn