Toppturen på Sunnmøre blei ikkje slik Pauline Bakkemyr Rakvåg og Ronja Edwards hadde sett for seg tysdag. Venninnene visste at det var i seinaste laget å starte å gå kl. 14 på ettermiddagen, men dei hadde aldri drøymt om at det skulle bli så utfordrande på veg ned att.
– Plutseleg hadde vi stup framføre oss i alle retningar. Eg skjønte at vi trengde hjelp. Det var vanskeleg å gå opp att og det byrja å bli mørkt, seier Rakvåg.
I teorien skulle dei kunne gå opp og ned på Slogen i Ørsta på fem timar. Altså før det blei mørkt. Men mot toppen var det snø og tungt å gå. På nedstiginga bomma dei på stien og kom langt ut av kurs. Plutseleg var dei i livsfare.
Flaut å ringe
Rakvåg avgjorde at det var på tide å kontakte naudetatane.
– Der og då synest eg det var flaut og grudde meg til å ringe, men eg kjenner at det var riktig, seier 30-åringen.
Redningsmannskapet meiner også at dei gjorde klokt i å ringe etter hjelp.
– Dei stod så farleg til at hadde dei gått fem meter til hadde det vore eit loddredd stup på ganske mange meter, seier Petter Tennebekk.
Han er seniorkaptein på redningshelikopteret frå CHC i Florø. Etter redningsaksjonen på Slogen måtte dei haste vidare til Volda. Der stod to andre kvinner fast i farleg terreng i mørket på fjellet Litletoren.
Ikkje bruk opp mobilbatteriet
Tennebekk seier at det er typisk for årstida at turgåarar blir overraska over mørket. Dei feilbereknar kor tidleg det blir mørkt om hausten og trur dei har betre tid enn dei har.
– Plutseleg har det blitt mørkt og så er ein ikkje budd på det. Å vere tynnkledd og ha lite batteri på mobilen i mørket er farleg, seier Tennebekk.
Mange brukar lommelykta på mobiltelefonen for å finne vegen og tappar telefonen for straum. Det kan bli skjebnesvangert.
– Den mobilen treng du kanskje seinare for å ringe etter hjelp, seier kapteinen.
Redningsleiar i Hovedredningssentralen, Oddgeir Andersen, seier at det er stor aktivitet i fjellet no både med jakt, bærplukking, sauesanking og folk som går på fjelltur.
– Visst ein er litt ivrig og held på litt lenge, er det brått mørkt. Då er det vanskeleg å ta seg fram både i fjellet og skogen. Då treng folk av og til hjelp til å komme seg trygt ned, seier Andersen.
Mørkare kvar dag
Meteorolog Elin Tronvoll forstår at mørket kan kome brått på. I sør-Noreg går sola ned tre minutt tidlegare kvar dag.
– Dersom det går ei veke mellom kvar gong du er ute på tur, rekk det jo å bli ein god del mørkare enn veka før på same tid, seier Tronvoll. Er det overskya og lågt skydekke i tillegg vil det kjennast mørkare ut i naturen.
Kjem til å bruke GPS
Pauline Bakkemyr Rakvåg går mykje i fjellet og kjem til å fortsette med det. Men heretter kjem ho til å bruke GPS-sporing for å unngå å miste råsa igjen.
Og ho kjem også til å pakke med seg hovudlykt, slik at mørket ikkje skal bli eit stressmoment.
– Eg har jo alltid med lykt på seinhausten og på vinteren. Men no var det nettopp sommar, så det er lett å bli lurt, seier sunnmørskvinna.