NRK Meny
Normal

Fleire vil leite etter olje i Norskehavet

Ein fjerdedel av oljeressursane som er att på norsk sokkel er i dette området.

Oljeplattform
Foto: Stockmarket / I-415-0110 / Stockmarket

Bente Nyland

Oljedirektør Bente Nyland ser at fleire er interesserte i å eige oljefelt i Norskehavet.

Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / NTB scanpix

Det er direktøren i Oljedirektoratet, Bente Nyland, som seier at det er aukande interesse for å leite etter olje og gass i Norskehavet.

Og nye funn som blei gjort i vår, gjer det meir attraktivt.

– Det er mange søkarar på det ledige arealet, fortel Nyland, og legg til at store funn som Snilehorn og Pil og Bue fristar mange til å eige oljeområde.

Vil sitje på oljeområde

Ho innrømmer at det ikkje er enorme funn som ligg i dette området, men forstår det slik at der er nok til at det er interessant å vere eigar, for å så bygge ut felta på sikt.

– Må vi rekne med at det blir færre arbeidsplassar i denne næringa framover?

– Denne industrien har forandra seg frå å ha stor anleggsaktivitet, men ny teknologi gjer at behovet for folk går ned. Vi kjem derimot alltid til å ha behov for kunnskapsmedarbeidarar.

Nyland er ikkje pessimistisk, og meiner at det alltid vil vere behov for ei rekkje ulike arbeidarar i olje- og gassindustrien.