Hopp til innhold

No kan kommunane sikre seg ingeniørar frå oljebransjen

Det er nedgangstider i oljebransjen og fleire mistar jobben. Kommunane må vere offensive og rekruttere ingeniørar som blir overflødige, meiner fagforeininga NITO.

Oljearbeider boredekk

Det er nedgangstider i oljebransjen og det kan gjere det enklare for kommunane å skaffe ingeniørar.

Foto: Vidar Dons Lindrupsen

Tom Rian

Tom Rian er avdelingsleiar i NITO. Han meiner kommunane må vere på offensiven for å kapre dei som er overtalige i oljeindustrien.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Arbeidsmarknadstal viser at det er 2750 ledige ingeniørstillingar i heile landet. Særleg i det offentlege og ute i kommunane er behovet enormt. Mange av ingeniørane her nærmar seg pensjonsalder, men det er få nyutdanna som ynskjer jobb i det offentlege. Oljeindustrien har vore meir forlokkande, heilt fram til no. Dei siste månadane har mange mist jobben.

LES OGSÅ:

Kapre dei ledige

– No har det offentlege sjansen til å knyte seg til attraktiv kompetanse som er overtalige i andre bransjar, seier Tom Rian. Han er avdelingsleiar i ingeniørorganisasjonen NITO i Møre og Romsdal.

Sjølv om ein ingeniør som jobbar i oljeindustrien ikkje er utdanna i fagfeltet som kommunen etterspør, kan personen enkelt omskolerast, trur Rian. Løna er ofte langt dårlegare i det offentlege, men Rian peikar på at der finst andre gode.

– Mykje betre regulerte arbeidsdagar og mindre overtid kan vere attraktivt for fleire, seier avdelingsleiaren.

LES OGSÅ:

Får ikkje folk

Midsund kommune i Romsdal slit med å finne kvalifiserte ingeniørar. To gongar på kort tid har dei lyst ut ledig stilling, men dei som søkjer har ikkje riktig kompetanse.

– I små kommunar kviler arbeidsoppgåvene på ein person og då må denne personen ha rimeleg god kompetanse. Det er krevjande å kome med lite ballast inn i ei slik stilling, seier teknisk sjef, Inge Rakvåg.

For tida er han den einaste ingeniøren i Midsund kommune. Å kome frå oljeindustrien og inn i ein småkommune vil vere vanskeleg, meiner han. Det er himmelvid forskjell på oppgåvene og nesten ingen tid til opplæring.

– Innan kart og oppmåling har vi to meter med lovverk dersom vi stablar det oppå kvarandre. Personen vi treng må ha noko av denne kompetansen i botn, seier Rakvåg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL