Hopp til innhold

Fleire i streik frå onsdag

No kan innbyggarane verte råka direkte av kommunestreiken.

Vi er i streik

LEGG NED ARBEIDET: Fleire kommunetilsette er klare til å streike frå onsdag.

Foto: NRK

Både Delta og Fagforbundet varslar at streiken i kommunane blir trappa opp frå onsdag.

LES OGSÅ: 45.000 kommuneansatte i streik fra onsdag

LES OGSÅ: Fleire kommunetilsette i streik

LES OGSÅ: - Streik i kommunesektoren

Fleire vil merke streiken

Mariann Brandstad

FAGFORBUNDET: Mariann Brandstad seier innbyggjarane vil merke streiken.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Mens Delta først og fremst råkar arbeidsgjevar gjennom å ta ut administrativt tilsette, kjem Fagforbundet med ei opptrapping som kan ramme innbyggjarane direkte.

No tek dei mellom anna ut assistentar og førskulelærarar i skular, barnehagar, SFO og fritidsklubbar i Averøy, Giske, Herøy og Rauma.

- Folk kjem nok til å merke det når fleire reinhaldar, vaktmeistrar og assistentar også skal leggje ned arbeidet, seier fylkesleiar Mariann Brandstad i Fagforbundet.

Travelt for rektorar

Trond Ellefsen

DELTA: Trond Ellefsen seier rektorane kjem til å få det travelt.

Foto: Aina Rødal / NRK

I Ålesund tek Delta ut administrativt personale ved skulane. Dermed får rektorane meir å gjere.

- Det vil ikkje råke undervisninga, men rektorar og inspektørar må løyse oppgåver andre normalt ville gjort, seier Trond Ellefsen.

Organisasjonane varslar opptrapping frå fase 1 til fase 2 onsdag.

LES OGSÅ: Kommuner berøres av streik

LES OGSÅ: Streiken i renholdsbransjen er over