Hopp til innhold

- Streik i kommunesektoren

17000 kommunetilsette går ut i streik. Det blei brot i meklinga 13 timar på overtid torsdag.

Martinus Røsvik

Martinus Røsvik er streikeleiar i Fagforbundet i Giske.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Denne artikkelen blei laga før streiken var eit faktum. NRK Møre og Romsdal kjem med reaksjonar straks.

Dei fagorganiserte i offentleg sektor har venta i heile natt. Etter 11 timar på overtid blei partane i statsoppgjeret samde like før klokka 11, Også for kommuneoppgjeret er det lagt fram ei skisse. Sjølv om det kanskje ser ut til ikkje å bli streik, er det ei dirrande spenning torsdag morgon.

Gjekk på arbeid

I morgontimane møtte dei fagorganiserte som vanleg på arbeidet. På Gjøsund i Giske køyrde tilsette ved teknisk avdeling ut maskinane sine for å ta til i det vanlege arabeidet. Martinus Røsvik, som er organisert i Fagforbundet, er likevel budd på å vere streikeleiar.

Riksmeklingsmann Kari Gjesteby

Riksmeklingsmann Kari Gjesteby fortel at det er lagt fram eit forslag til partane.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

– Eg har vore vaken ei to - tre gongar i løpet av natta og fått med meg nokre nyheitssendingar. Men det kom ikkje noko nytt, så eg gjekk og la meg att og var like vis, seier Røsvik. Eg hadde radioen på nattbordet, og heldt meg nokolunde oppdatert, seier han.

Streik avverga på overtid

– Spennande

Det har vore ei spennande natt for dei fagorganiserte. Og spenninga ser ut til å halde fram. I ein pause klokka 23.00 onsdag kveld sa riksmeklingsmann Kari Gjesteby at oppgjeret virka fastlåst. Seinare er det lagt fram ei skisse til løysing.

– No er det spennande. Vi forhandlar på overtid. Vi forventar å få resultatet i løpet av dagen, seier Røsvik. Mens vi ventar dreg vi på arbeid som vanleg. Vi har fått signal om at streiken er utsett i alle fall til fredag morgon, seier han.

Det blir neppe streik

Streiken lar vente på seg

– Har aldri streika før

For mange av dei offentleg tilsette vil streik vere ei ny oppleving. Martinus Røsvik har ikkje vore med på streik i samband med eit lønsoppgjer før.

– Nei, eg har berre vore med på ei kortvarig politisk markering for nokre år sidan. Men vi har no fleire gonger hatt denne prosedyra med å opprette streikekontor og streikekomité. Men det har heldigvis ikkje blitt noko av det, seier Røsvik.

Venter snarlig avklaring i mekling

– Håper å unngå streik

Martinus Røsvik håper han kan unngå streik, og at det blir ei lukkeleg løysing av meklinga.

– Personleg vonar eg at vi slepp streik og at vi får eit resultat vi kan leve med. Det håper vi vel på alle saman. Vi har høyrt at avstanden er stor og at det står strid om nokre prinsippielle punkt. Eg tenkjer spesielt på helgedagstillegg og kveldstillegga. Når det kjem eit resultat blir det nok sendt ut til uravrøysting. Situasjonen er vel ikkje over før uravrøystinga er ferdig, seier Røsvik. Eg vonar dei blir samde og at vi slepp å streike, avsluttar han.