Hopp til innhold

Fleire fødande til Volda

Fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus kan bli nedlagd til fordel for avdelinga i Volda. Dette kjem fram i ei utgreiing bestilt av helseføretaka.

Volda sjukehus
Foto: Helse Sunnmøre

Ledig kapasitet

Som ledd i strategi- og omstillingsarbeidet i Helse Midt Norge RHF, Helse Sunnmøre HF og Helse Førde HF har det vore utført ei utgreiing av kapasitet og pasientgrunnlag for bestemte pasientgrupper på tvers av fylkesgrensa.

Utgreiinga viser at fødeavdelinga i Volda har ledig kapasitet til å ta i mot pasientar frå Nordfjord sjukehus.

Politiet kjemper for sykehuset

Ser på beredskapsmodellar

4000 i fakkeltog for sjukehuset

Ved eit eventuelt samarbeid mellom Helse Sunnmøre og Helse Førde vil dei som ventar ukompliserte fødslar i kommunane Eid, Vågsøy, Selje, Stryn og Hornindal kunne overførast til Volda sjukehus.

I utgreiinga heiter det at det er sannsynleg at nokre fødande gjennom Fritt Sjukehusval vil velje å føde i Førde framfor i Volda. Dett gjeld i særleg grad for fødande i delar av Stryn.

Samhandling

Konklusjonen i utgreiinga slår fast at for at samhandlinga rundt desse pasientgruppene skal lukkast bør mellom anna bindande avtaler utarbeidast. Ein felles koordineringseining bør etablerast og ein må sjå på økonomiske, kapasitetsmessige og bemanningsmessige konsekvensar. Til slutt blir det peika på at fagleg kvalitet også er ein viktig faktor.

Utgreiingsarbeidet har vore gjennomført av PricewaterhouseCoopers i nært samarbeid med fagmiljøa i Helse Førde HF og Helse Sunnmøre HF.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL