13 år gamle Odin Landbakk vart møtt med stor applaus då han gjekk inn i klasserommet på Nordlandet ungdomsskole i Kristiansund måndag morgon. Klasse 8A har nemleg fått ei ny stjerne.
Det unge gitartalentet måtte både skrive autografar på lappar og armar til klassekameratane.
– Det er både litt flaut og kjekt, seier hovudpersonen sjølv.
- Les også:
Fekk naboklager
Fredag gjekk Odin Landbakk ut på finalescena i Norske talent på TV2. Heime i Kristiansund sat vennane framfor tv og følgde med då alt skulle avgjerast.
– Alle saman hoppa og skreik då han vann. Vi hoppa og skreik så høgt at vi fekk klagar frå naboen. I tillegg hadde dei høyrd oss litt lenger nede i gata, seier Maria Ersvik Pettersen.
– Eg vart så glad eg byrja å skrike, seier Emma Lystner.
Og medan vennane hugsar akkurat korleis augneblinken var, har Odin sjølv litt mindre å fortelje.
– Akkurat der og då forstod eg det ikkje heilt kva som skjedde. Det tok litt tid før det gjekk opp for meg at eg hadde vunne, seier ein lukkelege Landbakk.
- Les også: