Hopp til innhold

Farleg gass i norske heimar

Fleire tusen propanbehaldarar blir oppbevarte ulovleg i norske heimar. Desse står som eksplosive brannbomber i kjellarar og i boder.

Gassflaske

Sommaren er over, og gassflaska skal lagrast. Men blir gassflaskene lagra trygt ?

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Kvar fjerde norske husstand har gasskolbe til grill eller terrassevarmar. Men svært mange veit ikkje korleis dei skal lagre desse trygt for vinteren.

Eksplosjonsfare

Varabrannsjef i Ålesund Brannvesen , Johnny Stølen seier at eksplosjonsfaren er stor dersom folk ikkje handterer behaldarane skikkeleg. - Ved feil oppbevaring representerer propanflasker ein stor fare, seier Stølen.

Johnny Stølen
Foto: Aina Rødal / NRK

Men likevel er det svært mange som ikkje veit korleis ein skal oppbevare slike behaldarar. Kvar fjerde norske husstand har gasskolbe til grill eller terassevarmar, syner ei undersøking TNS Gallup har gjort for forsikringsselskapet If. Men kvar tiande behaldar blir oppbevart ulovleg fordi eigarane ikkje kjenner reglane.

Forbod

Varabrannsjef i Ålesund, Johnny Stølen, seier det er forbode å oppbevare gassflasker i kjellaren. - Propanen er betydeleg tyngre enn luft. Får du ein lekkasje vil propanen søkkje til det lågaste punktet i bygget. Ein heil kjellar kan bli fylt med propan, utan at nokon merkar det. Får du ein gnist, for eksempel ved at ein termostat blir slått inn, då oppstår det ein eksplosjon, seier Stølen.

Nok med små mengder

I dag er det lov til å ha to flasker på opptil 11 kg propan utan å søke om løyve. Stølen minner om at det ikkje er mykje gass som skal til før ein kan risikere ein eksplosjon. - Ein liten turgassbehaldar er nok til å jamne eit heilt hus med jorda, seier Stølen. Gassen i ei slik flaske kan føre til ein betydeleg eksplosjon.

Oppbevaring

Gassflaskene skal ikkje oppbevarast i kjellaren, seier Stølen. - Dei må helst oppbevarast i ventilerte rom eller skap. Aller helst skal dei ikkje oppbevarast i bustaddelen av husa. Gassen må lagrast i god avstand frå tennkjelder som feieluker og elektriske installasjonar, seier Stølen.