Hopp til innhold

Færre søkjer seg til folkehøgskulane: – Eg ville aldri vore forutan

Folkehøgskular må kutte lærarstillingar på grunn av færre søkjarar. Anniken Jensen seier hennar år på folkehøgskule har forma henne som person.

Oliver Simonsen og Anniken Jensen spelar frisbeegolf utanfor Ålesund folkehøgskule.

Oliver Simonsen og Anniken Jensen er ikkje i tvil om at folkehøgskule var det rette for dei.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eg kjenner eg har komme mykje meir ut av skalet mitt og vorte meir vaksen. Eg har lært veldig mykje om meg sjølv og også om dei rundt meg. Det har vore veldig viktig for meg, seier Anniken Jensen.

Jensen har sjølv gått på Ålesund folkehøgskule og vore leiartreningselev der. No skal ho ha sommarjobb ved skulen før ho skal byrje på studium.

– Vi kom rett frå vidaregåande så vi visste ikkje at det fanst så kule lærarar. Det har vore heilt fantastisk, seier Jensen.

Men stadig færre søkjer seg til dei opplevingane ho har fått på folkehøgskulen.

Anniken Jensen smiler til kameraet der ho står foran inngangen til Ålesund folkehøgskule.

Anniken Jensen er so glad i folkehøgskulen sin at ho skal ha sommarjobb der fram til studiane startar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Oliver Simonsen står utanfor Ålesund folkehøgskule og smiler til kameraet.

Også Oliver Simonsen vil anbefale andre å søke seg til folkehøgskular: – Ein får utfordra seg sjølv og skapt eit år ein kjem til å hugse for resten av livet med soå mange gode opplevingar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Må kutte lærarstillingar

Rektor ved Ålesund Folkehøgskole, Sven Wågen Sæther, har no færre søkjarar.

– Vi hadde 119 elevar før pandemien, no ligg vi an til å få mellom 60–70 elevar.

Sæther seier dei har slite sidan pandemien med å tiltrekkje seg unge.

Han seier at for å lukkast med ein folkehøgskule, må ein kombinere det ungdomane har lyst til å drive med og det skulen vil gjere – å vere med å forme og danne samfunnsborgarar.

– Viss vi ikkje lykkast med den lystbiten så kan vi ha så fine idear vi berre vil utan at det hjelper oss, seier rektoren.

Rektor ved Ålesund folkehøgskule, Sven Wågen Sæther, står utanfor skulen sin. Over han på veggen ser vi logoen til skulen, der det gså står "Borg sommerhotell" under.

Sven Wågen Sæther fortel om ein nedgang i talet elevar på 40–50 prosent sidan pandemien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fleire merkar nedgang

Ein halvtimes køyring unna Ålesund Folkehøgskole ligg Sjøholt Folkehøgskole. Der merkar dei også nedgangen til neste skuleår og har allereie kutta ei linje ved skulen.

– Vi skulle gjerne hatt ein del fleire elevar per dags dato, seier rektor Lars Johan Klokk.

Rektor ved Sjøholt folkehøgskule, Lars Johan Klokk, står foran skulen sin og smilar.

Rektor Lars Johan Klokk skulle gjerne hatt fleire søkjarar til skulen sin.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Skulen hadde 60 elevar i fjor. No nærmar dei seg 40. Klokk trekkjer fram mindre marknadsføring og trongare økonomi som ei mogleg årsak.

– Vi trur at vi har vorte fattige, og at det er dyrt å bruke pengar på å dra på folkehøgskule. Det stemmer ikkje. Ein får veldig mykje for pengane, seier han.

Ved Sunnfjord Folkehøgskule i Førde har dei kring 115 plassar, men har ikkje hatt 100 elevar på mange år.

Per i dag har 66 elevar sagt ja til plass neste skuleår, men rektor ved skulen, Jon Olav Leira, seier dei av erfaring får mellom ti og 30 positive svar i løpet av sommaren.

Sunnfjord folkehøgskule i Førde

150 elevar har i år søkt seg til Sunnfjord Folkehøgskole mot 180 i fjor. Søkjartalet i fjor var også lågt. Dei siste åra har dei hatt 78–90 elevar.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

På grunn av dei låge søkjartala må skulen ta grep, og ei lærarstilling blir ikkje forlengd.

Leira seier fleire rektorar nyleg har møttest for å diskutere kva som er årsaka til nedgangen ved fleire skular, men at dei fleste klør seg litt i hovudet.

Betre tal no enn tidlegare i vår

Ifølgje Folkehøgskole.no finst det 85 folkehøgskular i Noreg. Dorte Birch, dagleg leiar for Informasjonskontoret for folkehøgskulen, seier at søkjartala akkurat no ligg 14 prosent bak fjorårstala.

Dorte Birch

Dorte Birch, dagleg leiar for Informasjonskontoret for folkehøgskulen, seier at søkjartala varierer veldig frå skule til skule.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Det er veldig mykje betre enn det dei var tidlegare i vår. Så vi reknar med at i løpet av sommaren får vi henta inn veldig mykje av det tapte. For folkehøgskule kan ein jo søkje på heilt fram til skulestart.

Ho trur økonomi har påverka søkjartala.

Ein del ungdommar er bekymra for å bruke pengar. Prisen for eit folkehøgskuleår inkluderer både hybel, mat og studieturar, som gjer valet meir økonomisk føreseieleg enn å studere. I vår har vi jobba endå meir med å kommunisere dette, seier ho.

Meiner dei tilbyr noko viktig

Rektorane på Sunnmøre har uansett tru på framtida.

– Vi ønskjer å gi folk verdi for det dei er, og ikkje for det dei kan prestere, og det gjer det vi held på med her kjempeviktig å få oppleve for alle, seier rektor ved Ålesund folkehøgskule, Sven Wågen Sæther.

Oliver Simonsen og Anniken Jensen er i alle fall ikkje i tvil om at dei fekk noko godt utav året på folkehøgskule.

Oliver Simonsen og Anniken Jensen går ute i ein park med kvar sin frisbee i handa. Dei snakkar saman og ler.

Anniken Jensen og Oliver Simonsen er sikre på at dei ikkje ville ha vore utan erfaringa frå folkehøgskulen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK