Fostervold meiner Strømsgodset-trenar Ronny Deila tenkjer på same måten som Ole Gunnar Solskjær.
Foto: Håkon Larsen / SCANPIXHan har spelt 172 kampar som midtstoppar for Molde, mellom 1994 og 2002. Fire av desse åra var han kaptein. Han har i tillegg scora 13 mål for klubben.
Knut Anders Fostervold er ekte moldensar, men det er ikkje hat eller «hat» som gjer at han håper Rosenborg ikkje oppnår suksess.
– Dei har hatt ressursar opp gjennom som andre klubbar berre kan drøyme om. Andre lag kan no vise at det går med andre verkemiddel, meiner Fostervold.
Fryktar Rosenborg i haust
Tetkampen i Tippeligaen tetnar stadig meir til. Dersom Molde slår Vålerenga i dag søndag tek dei føringa i årets sesong, då Strømsgodset måtte dele poenga mot Lillestrøm i Drammen laurdag.
Bak Molde og Godset følgjer derimot Rosenborg hakk i hel. Og dersom den regjerande seriemeisteren taper på heimebane, kan trønderane gå forbi erkerivalen i det sesongen er to tredjedelar ferdig.
– Rosenborg har kome sterkt utover i sesongen. Dei blir nok med heilt inn, samtidig som Godset ikkje gjev seg utan kamp. Det blir tett, trur Molde-midtstoppar Vegard Forren.
– Kven fryktar du mest i augneblinken?
– Per dags dato ser nok Rosenborg farlegast ut, seier Forren, og refererer til RKB-kjøp som Tarik Elyounoussi, Tore Reginiussen og Mikkel Diskerud, samtidig som Strømsgodset har fått kaptein Alexander Aas skadd.
Saka held fram under bildet.
Vegard Forren har trua på eige lag, men fryktar Rosenborg og Tarik Elyounoussi i haust. Her er Forren mot Elyounoussi då sistnemnde var Fredrikstad-spelar.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix– Imponerande og spennande i Drammen
Her er Knut Anders Fostervold i duell med John Carew i Rosenborg-drakt.
Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpixFor Fostervold ser ting meir ope ut.
– Men moglegheita for Tippeligagull til Molde er god i år òg. Godset merkar presset ved å ligge på topp, og der er mange unge spelarar som byrjar og tenkje konsekvens av å tape.
– Så eg trur rett og slett hausten blir enormt spennande. Molde kan avgjere sjølv, i dei innbyrdes oppgjera mot Godset og RBK i løpet av hausten, seier Fostervold til NRK.no.
Men motstandarane er nærmare no enn i fjor, og dersom Molde skulle bli henvist til 2. eller 3. plass er ikkje Fostervold i tvil.
– For fotballen sin del så blir eg ekstremt glad om det då blir Godset. Det er imponerande og spennande det dei driv på med i Drammen.
Ronny Deila blir samanlikna med Ole Gunnar Solskjær av både Fostervold og Forren.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixSamanliknar Deila med Solskjær
For Strømsgodset imponerer den tidlegare Molde-kapteinen så til dei grader.
– Dei satsar på eigne spelarar og på å utvikle talent. Dei har mange spelarar frå området rundt Drammen, og ligg øvst i Tippeligaen med relativt små ressursar, seier Fostervold.
I tillegg står Godset-trenar Ronny Deila høgt i kurs.
– Han står fram som utruleg sympatisk, og eg har kjempetrua på at han kan bli ein stortrenar.
– Han er litt som Ole Gunnar ... ung og framadstormande, med klare idear om korleis det skal spelast fotball, meiner Fostervold.
– Dei har blitt attraktive for talent
Vegard Forren, som sjølv er trønder og har vore på Lerkendal mang ein gong som tilskodar, er einig med Fostervold.
– Strømsgodset har ikkje dei same midlane som for eksempel Rosenborg. Rosenborg har kjøpt inn godt med spelarar i sommar, medan Strømsgodset satsar på dei unge i laget.
Knut Anders Fostervold er klar på at Strømsgodset er det beste alternativet om Molde ikkje skulle ta gull.
Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix– Og ved å gi unggutane tillit så har klubben blitt attraktiv for talent. Der er samanlikninga med han Ole Gunnar veldig sann, at Strømsgodset og Deila vil ha unge og viljesterke spelarar, seier Forren – som ein no kan kalle Molde-omvendt trønder.
Dagens serierunde er den tjuande. Etter måndagskampen mellom Fredrikstad og AaFK er det berre éin tredjedel igjen av sesongen.
– Hadde ein avslutta sesongen no kunne ein kanskje sagt at Strømsgodset hadde fortent gullet, men no skal det bli Molde, fortel Forren.
Men både den noverande Molde-midtstopparen og den tidlegare Molde-midtstopparen avsluttar med same frase:
– Dersom Molde ikkje tek gullet, så er Godset det beste alternativet.
Så står det igjen å sjå: Tek Strømsgodset sitt første seriegull sidan 1970? Forsvarer Molde fjorårets gull? Klatrar Rosenborg tilbake på trona? Eller kjem nokon frå plassane bak topp tre og overraskar?
Kva trur du?