Hopp til innhold

– Vålerenga har blitt betre og betre

Med tre poeng mot Vålerenga kan Molde innta tabelltopp. Med tap kan Molde falle til tredjeplass, med erkerival Rosenborg som kan passere. – Dette er ein viktig kamp, fastslår Vegard Forren.

Forren/Berg Hestad

Både Vegard Forren (i lufta) og Daniel Berg Hestad trur eit tøft kampprogram går bra så lenge laget er i flytsonen. Her mot Heereveen torsdag, der det blei siger 2-0.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Gjennom ein vår og ein sommar har Strømsgodset vore det førande laget i Tippeligaen. Sakte, men sikkert, har derimot Molde – og Rosenborg – spist inn forspranget. Laurdag klarte ikkje Strømsgodset meir enn 3–3 heime mot Lillestrøm.

Det betyr at Molde har moglegheita til å innta tabelltoppen mot Vålerenga søndag.

Vegard Forren

Vegard Forren trur Vålerenga på heimebane er tøffare no enn for nokre månader sidan.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

– Dei har vore for ustabile

Kampen går i Molde, og på heimebane har laget vore botnsolide. Så langt i sesongen står Molde med åtte av ni moglege heimesigrar.

Berre eks-Molde-trenar Kjell Jonevret og Viking reiv med seg poeng – og tre poeng – frå Aker Stadion. Det stoppa ei rekke på 19 kampar utan heimetap for Molde.

– Vålerenga vil komme til Aker Stadion på søndag for å ta tre poeng. Eg trur det blir ein god kamp, men vi skal halde fram i stimen vi er i, og på heimebane skal vi ta tre poeng, seier Molde-midtstoppar Vegard Forren til NRK.no.

Vålerenga har vore inne i ein liten storm i år, men trass både kritikk og dramatikk har laget klamra seg fast i midtsjiktet.

– Dei har mange spennande spelarar, men dei har vore for ustabile til å kunne vere med heilt i toppen, meiner Forren.

– Likevel; det er mange poeng å spele om, så dei kan kome. Dei har blitt betre og betre, så eg trur dette blir ein tøff kamp, held Molde-trønderen fram.

Medan Molde både kan hoppe oppover og nedover, ved siger eller tap mot Vålerenga, kan Oslo-klubben ta eit kraftig jafs oppover med bortesiger på Aker Stadion.

Pape Paté Diouf feirer scoring mot Brann

Pape Paté Diouf bøtta inn mål for Molde før han forsvann til København. No er han tilbake på utlån.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Meiner breidda har blitt større

Samtidig som Forren skryt at eit Vålerenga i framgang, ser han òg at eige lag har blitt betra. Det trass i at midtstopparkollega Even Hovland blei langtidsskadd etter ein smell i Champions League-kvalifiseringa mot Basel borte.

– Som han Ole Gunnar har sagt, så har vi nærmast fått inn ein ny spelar i han Børre (Steenslid journ. merkn.). Han blir nok viktig i haustkampane når Even blei skadd.

Men Molde har òg henta inn – og nærmast fått – forsterkningar utanfrå. Stortalentet Etzaz Hussain blei henta frå økonomisk slitande Fredrikstad, medan backtalentet Magnar Ødegaard blei henta frå Sarpsborg 08.

Viktigast utover hausten kan derimot bli den heimvendte son, Pape Paté Diouf, som takka nei til Dubai og millionløn til fordel for utlån til Molde frå København.

– Vi har fått inn forsterkningar. Ikkje minst har vi fått inn gode forsterkningar. Vi har ein enda større breidde enn tidlegare, noko vi kjem til å nyte godt av, meiner Vegard Forren, som trur troppa er meir enn god nok til å kjempe heilt inn i årets sesong.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad meiner Molde toler det tøffe kampprogrammet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Berg Hestad: – Vi toler trøkket

Og stor breidde i laget treng Molde i desse tider.

Etter 2–0 over Heerenveen kan det ligge an til gruppespel i Europaligaen. I tillegg er Molde i cupsemifinale, som skal spelast borte mot Tromsø.

– Det er slag i slag med tøffe kampar for oss no. No er det Vålerenga heime, så returoppgjer mot Heerenveen i Nederland, før det blir Brann borte i serien.

Det sa Molde-veteran Daniel Berg Hestad etter triumfen mot Marco van Basten sitt Heerenveen torsdag.

– Det er mange kampar no, men vi er klare. Vi er i flytsona og då kan ein spele mange kampar, meiner Berg Hestad.