Hopp til innhold

Eitt år sidan blokka rasa

Torsdag er det eit år sidan Fjelltunvegen 31 rasa ut.

Brannvesenet startet søndag med å bore seg gjennom en murvegg.

Brannvesenet måtte bore seg gjennom ein murvegg for å kome inn til ein propantank som skapte problem i det samanraste huset.

Foto: POLITIET / SCANPIX

Fem personar omkom i ulukka, då ei steinblokk rasa ut i fjellpartiet bak Fjelltunvegen 31, og fekk huset til å rase saman.

Det var natt til 26. mars meldingane kom til politiet. 03.45 om natta rasa steinblokka ut, og traff fyrste etasjen i huset. Med det rasa også resten av huset ned, og ein etasje var knust.

Evakuerte nabolaget

I huset budde det 20 personar. Alle vart evakuerte, men fem personar vart ikkje redda ut.

Etter kvart vart også nabohusa evakuerte, og politiet oppretta raskt ei tryggingssone rundt blokka, på grunn av ein propantank med ei lekkasje som låg nedst i blokka.

Video nsps_upload_2009_3_26_10_3_43_1700.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

  • Videodagbok frå Fjelltunvegen 31 . Her kan du sjå dei fleste av fjernsynssakene som vart laga av NRK i tida etter blokka rasa.
  • Alt om Fjelltunvegen dekkjer alle sakene som NRK Møre og Romsdal har skrive om ulukka.
  • Til høgre kan du sjå eit bildegalleri som dekkjer veka etter raset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL