Hopp til innhold

- Dramatisk når helikopteret ikkje får flyge på grunn av vulkanaske

Stengt luftrom kan få dramatiske følgjer for dårlege pasientar. Alle ambulansehelikopter står på bakken.

Ambulansehelikopter

Ambulansehelikoptera i Noreg står på bakken som følgje av askeskya frå vulkanutbrotet på Island.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Ambulansehelikoptera kan ikkje flyge så lenge luftfommet er stengt. All luftfartsverksemd er sett på bakken som følgje av vulkan-aska som strøymer frå Island til Noreg.

Video Kristen Rasmussen

Kristen Rasmussen, overlege på ambulansehelikopteret ved sjukehuset i Ålesund.

- Både ambulansefly, ambulansehelikopter og redningshelikopter har flyforbod inntil vidare, fortel overlege på ambulansehelikopteret i Ålesund, Kristen Rasmussen.

Askeskyen rammer Europa

- Svært alvorleg

Torsdag fins det ikkje luftambulanseberedskap i Noreg i det heile teke. All ambulansetrafikk må no gå på bakken. Dette er ein heilt unik situasjon i Noreg.

- Dette har vi aldri vore borti tidlegare. No kan det bli lange pasienttransportar landevegen, og dette kan føre til store belastningar for svært sjuke pasientar. No vonar vi at vi er heldige og at vi kan sleppe dette vanskelege dilemmaet. Men det kan bli ei utfordring om det dukkar opp ein situasjon der vi treng ein slik lang gransport, seier Rasmussen.

Oska set luftambulansen ut av spel

Skulle på jentetur til London

Telefonstorm til tom flyplass

Se video fra tv sendingen her:

Video - Dramatisk når helikopteret ikkje får flyge på grunn av vulkanaske

Geir Mortensen, hovedredningssentralen i Nord-Norge.

Ikkje dispensasjon

Ambulansetrafikken har til no ikkje fått nokon dispensasjon til å kunne utføre ambulanseoppdrag.

- Nei, slik eg har forstått det er det ikkje mogleg å få nokon slik dispensasjon, seier Rasmussen.

Askesky over Norge fram til fredag

Heile luftrommet stengt

Luftrommet over heile Noreg blei stengt frå klokka 10.00. All flytrafikk er dermed totalt lamma som følgje av vulkanutbrotet på Island. Det er uvisst kor lenge stenginga kjem til å vare, opplyser Avinor. Avinor oppmodar alle flypassasjerane om å kontakte flyselskapa og reisebyrå for informasjon om korleis dei skal forhalde seg til situasjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL