Brann på Strand i Hustadvika

  • Har kontroll på brannen

    Brannvesenet har brannen i bustadhuset under kontroll. Dei er no i gang med å rive bordkledning og takstein for å sløkke dei siste flammane, opplyser 110-sentralen. Dei to personane som budde i huset er undersøkt av helsepersonell. Begge er uskadde. Politiet dirigerer trafikken forbi staden.

    Bustadbrann på Strand ved Kvernesfjorden i Hustadvika.
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Har slått ned brann utvendig

    Brannvesenet har fått slått ned brannen i den utvendige kledninga på huset. Det var først melding om at bustaden var overtent. Det budde to personar i huset. Alle naudetatar er på staden.