Kraftforsyning
Spare energi. Berre ved allereie kjent teknologi kan vi spare opp til 40% energi. Varmepumpeteknologi kan i beste høve gi seks gonger meir energi.
Produsere meir ny fornybar energi som tidevatnkraft, bølgjekraft, vindkraft og bioenergi. Utstyret til desse energiformene kan lagast på våre mekaniske verft. Flis frå skogen skaper arbeidsplassar lokalt og held landskapet ope.
Bruke gass lokalt. SV har gitt konsesjon for bygging av gasskraftverk med reinsing av CO2 i Elnesvågen. Då får vi satt i gang ein heilt ny måte å tenke på i oljesektoren. CO2 gassen blir fanga og sendt tilbake til havbotnen der han lagrast og gjør at feltet utnyttes betre. Elektrifisering av Norskehavet kan starte opp. Oljeselskapa har hittil berre ville hatt nye felt å bore på. No har vi stoppa det når der silda gyt er verna. Hittil har oljeselskapa brukt lommerusk på miljø. No må dei investere i bruk av gass lokalt, reinsing, reinjesering og elektrifisering.
Overføre straum frå andre deler av landet. Kraftline eller sjøkabel produserer ikkje ein kilowatt energi, men kan bidra til stabil energitilførsel. Energien som må inn skal til Ormen Lange for å presse gassen derifrå til England. Gjennom det røret går det like mykje energi ut frå Møre og Romsdal som heile Norges forbruk i eit år. Derfor er det rimeleg å krevje at oljeselskapa som treng energien er med å betale for at sjøkabel veljast framfor ei luftline som vil vere den største naturøydinga Møre og Romsdal nokon gong har vore utsett for.
Samferdsel
Hvilke områder innen samferdsel bør prioriteres her i fylket
Trafikktrygging og vedlikehald må settes først. Så kjem vi og til å holde fram med å krysse fjordar for å få færre ferjer. Fylkestinget må slutte med å stele pengar frå gang og sykkelvegar. Møre og Romsdal er eit fylke som har fått midlar til gang og sykkelvegar, men som har brukt dei til andre formål.
Om ikkje lenge opnes Atlanterhavstunnelen. Det er vel og bra, men samtidig står liv og helse på spill lenger inn i same fjord når det går ras på Oppdølstranda. Om vi meiner noko med å sette trygging først må vi gjere det i praksis.
Det meste av samferdsla skjer lokalt på skolevegen, til butikken og til jobb. Å legge til rette for at ein kan greie dette til fots eller på sykkel eller via kollektiv trafikk er viktig. Brøyting av snø frå der bilane kjøre til der folk skal gå må det bli slutt på.
Kultur
Hva er viktigste satsingsområdet innen kultur i vårt fylke?
Den nye momskompensasjonsordninga til frivillige lag og organisasjonar sikrar no drifta i idrettslag og alle lag og foreiningar som er ryggraden i kulturlivet i fylket vårt. Eg er spent på korleis denne vil virke i praksis og vi er heilt avhengige av å få dette til å fungere i samråd med organisasjonane.
Så må kulturskolen, biblioteka og alle kulturinstitusjonane våre sikres driftsmidlar. Nye løft som må komme er mellom anna museumsbygg og kulturhus. Sjølv har eg stor sans for prosjektet Seanse ved Høgskulen i Volda som er nyskapande og derfor få midlar så dei kan få prøve ut sine idear i praksis.
I botnen for all kultursatsing ligg Kulturløftet. Utan desse lovnadane og satsing i praksis på kultur i budsjetta hadde vi stått fattige tilbake. Å halde fram med Kulturløftet blir det viktigaste politiske kulturarbeidet framover. Det gjør seg ikkje sjølv og mange krefter vil bruke desse pengane til andre formål.
Partivalg
Hva har vært avgjørende for DITT partivalg?
SV vil omfordele ressursane i samfunnet til fordel for fellesskapet.
Satsingsområde
Hvilken sak er den viktigste for DEG å kjempe for de neste fire årene?
Rett til heiltid og frivillig deltid samt likelønnspott for kvinner. Eg er sjokkert over arbeidstilhøva vi byr kvinner som jobbar med born og eldre. Om born og eldre skal ha det bra må dei som arbeider med dei og ha det bra. Eg vil bruke all truverd SV har bygd opp no når vi har 98.5 % dekning i barnehagar til å love at kvinner skal prioriterast når det gjeld løn og rett til heiltid. Vi har no likestilt skift og turnus. Det er berre starten.
Samarbeid
Hva er viktigst for deg i valget av politiske samarbeidspartnere?
At det er muleg å komme fram til politiske løysningar på områda miljø , rettferd og kunnskap.
Hvilket parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?
Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Hvilket parti vil du samarbeide minst med?
Høgre og Framstegspartiet...