Bilar flytta ut av vegbana etter ulykke i Ålesund
Bilane, som var involverte i ei trafikkulykke på Ellingsøyvegen i Ålesund, er no ute av vegbana.
– Trafikken glir greitt forbi staden, men det kan vere noko redusert kapasitet, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Utover det går trafikken som normalt. Bilberging er på veg- Vegen kan bli stengt igjen som følge av dette.
Ein person blei frakta til sjukehus for undersøkingar etter ulykka.