Raset er om lag tre meter på sitt høgaste punkt, ifølgje politiet. Det skal stå ein bil i skredet, melde politiet like før kl 17.
Dei fire personane som sat i bilen er evakuerte og uskadde, opplyser politiet.
– Dei som sat i bilen har ikkje observert andre bilar i rasområdet, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.
Han legg til at det derfor ikkje er grunn til å tru at fleire bilar er tatt.
– Mannskap frå brann, luftambulanse og båt skal lyse opp området for sikkerheitsskuld.
Geiranger isolert
Geiranger er isolert, og fylkesveg 63 er stengd på begge sider.
Klokka 17.11 melde Vegtrafikksentralen om at entreprenør er på staden.
– Det rumlar framleis borti der. Det kjem is og sørpe som tar med seg jordmassar. Og det er mørkt, seier Erling Drangsholt på Vegtrafikksentralen til Sunnmørsposten.
– Vegen blir stengt ei stund, seier Drangsholt. Han trur det kan bli stengt til måndag morgon.
Ekstra ferje sett opp
Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang, opplyser at det vert sett opp ekstra ferje frå Geiranger kl 19.00 søndag kveld.
– Vegen er stengd og eg går ut ifrå at den blir det til i morgon. Vi har snakka med nokre og dei har det bra, men dei er mest opptatt av at gjestane skal få reise når dei skal reise.
Vidare fortel han at ingen lid noko naud, men at det er behov for å få transportert folk ut.
Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang.
Foto: Remi Sagen / NRK– Vi er kjempeglad for at alle fire personane kom seg ut uskadde. Det er veldig bra at vi har eit oppegåande brannvesen og at vi har ambulsane i Geiranger. Det er vi kjempeglade for.
Første ferje mandag går frå Geiranger klokka 09.30.
Lite truleg at vegen opnar mandag
I ei pressemelding frå fylkeskommunen står det at høva på fylkesveg 63 vil bli vurdert mandag morgon.
Så snart det er dagslys vil mannskap undersøke rasområdet og iverksette oppryddingsarbeid så snart det blir vurdert som trygt nok.
- Vi håpar å kome raskt i gang med opprydding av vegen slik at den kan opnast igjen så snart som råd. Men vi treng dagslys til å få oversikt over omfanget seier samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.
Per no veit han ikkje kor lang tid det vil ta før den kan opne igjen, men han reknar med dei veit meir i løpet av måndag ettermiddag.
Samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig.
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune– Det er lite truleg at vegen opnar måndag, men vi går ut med informasjon så snart vi har fått betre oversikt. legg han til.
Alle elevar skal kome seg på skolen i Eidsdal i morgon, men det blir alternativ køyrerute for skoleskyssen. Dei det gjelder har fått melding om dette. I Geiranger går skoleskyssen som vanleg, står det vidare i pressemeldinga.